fredag 30. januar 2009

He ej fortalt om den gongen ej gjekk mej oppå den derre Kilimanjaroen?


Meg med Tidemand og Gude-stil, Jærenjarle med tidlaus norsk mote og H-pac som American Outback Idol.

Det ryktast at H-unit he langt på veg passert firesifra antal ord på sitt innlegg om Kilimanjaroturen, so då gjer ikkje eg det. Om noko er uklart av hyttenamn, høgder over havet og relativ stigning i løpet av denne forteljinga kan dette trulegvis finnast på helgetur si side.

Eg kan no iallefall starte me min konklusjon av turen. På førehand var skalaen sett til å flyte mellom drit, drit og magisk, og magisk, og kurva mi i skrivande augneblunk ser slik ut:


Det må leggast til at når ej va på veg ned att til hotellet og i dagane etter so låg eg lenger til venstre enn eg gjer no. Eit positivt trekk ved fjellturen der altso.

Det heile starta med at Helge sin kompis, Jærjarle, var sugen på revansje etter eit forsmedeleg uavgjort mot fjellet for to år sidan. Helge var veldig gira på å ha gjort Kili når vi først var her, og eg...tja, det e no kjekt å fare på tur. Og eg satsa hardt på at glansen av toppen skulle drive eg til stordåd attmed dei andre. Eg fekk høyre at det krevdest enorm vilje og lyst for å kome opp til toppen, og dette gjorde meg, med rette, uroleg. Eg satsa likevel friskt på at dette var piece of kvefjordkake, og at eg innan få dagar skulle kunne heise flagget og fire buksa på toppen.

Team Helgetur med ein eller annan haug i bakgrunnen.

Eg prøvde etter beste evne å innføre "personleg ting" på turen, altso ein hemmeleg ting som det er absurd eller rasande festleg å drage fram ifrå sekken på toppen, men mottakinga var laber. Men etter litt modning var det likevel ein slags einigheit om dette. Litt mot reglementet so var ikkje denne tingen heilt hemmeleg likevel, og det kom fort fram at eg hadde med munnspel og Helge hadde melodikaen sin. Eg vurderte lenge å ta med varmt vatn opp i tilfelle munnspelet skulle fryse fast i leppene eller ekspedisjonsskjegget, men slo det frå meg etter kvart. I dag veit eg betre....

Tolla..

Vi starta med ei natt på Marangu hotell, oppkalla etter ruta vi valde å ta. So langt, so bra. Vi fekk ei god innføring av Desmond, ein erkebrite med kakishorts og sideskill for anledninga, om ting som var teite og mindre teite å gjere på turen. På kvelden hadde tilogmed hotellet ordna det til med ei tilsettinne som skulle sjekke over at eg hadde med meg det eg trengde for å overleve. Dette viste seg å vere ei av vaskedamene, som forøvrig var veldig hyggeleg, men likevel..kun mitt stolte sjølvbilete av å vere norsk fjellmann hindra meg i å få eit nervøst samanbrot på dette tidspunktet. Stoltheit kan brukast til so mangt..

Med to fotoentusiastar med på turen var det lite som ikkje vart behørig dokumentert. Sann utanom toppstøtdagen sjølvsagt, for då var vi i ørska alle samen.

Morgonen etter sette team Ej og team Helgetur ut i den store verda, kalla Kilimanjaro og omegn, med stokk, solkrem og ein lett turistaktig Mt. Kilimanjaro 5895 meter-hatt. Den hadde eg haia til meg etter ein lengre samtale med Nixon, ein av mine homies ifrå gateseljarmiljøet i Arusha, for den nette sum av 20 kr. Eg gjorde eit poeng ut av at eg skulle ha Mt. Kilimanjaro-emblemet vendt bakover fram til eg hadde vore på toppen. Ingen vits i å selje skinnet før gnuen er skoten og alt det der..

Helge sitt bilete. Takk=)

Vi hadde fått beskjed av Desmond om å gå slowly slowly, eller polepole på hanglabanglaspråket, og Helge hadde i tillegg full kontroll med GPSen sin på kor mange høgdemeter vi steig i timen og mykje anna statistisk materiale rundt dette. Vi hadde lete oss fortelje av mange andre at polepole kom vi til å verte ubeskriveleg lei av å høyre undervegs, og stor var difor vår undring då vi måtte minne guiden vår på dette gjentatte gongar heile vegen opp. Ting kunne tyde på at han ikkje var gira på eit toppstøt og ville køyre oss fast i høgdesjukefella, og vi tenkte alle vårt om kva slags tur dette skulle verte..ein er liksom tapt bak ein gnu om ein ikkje har guidar, berarar eller kokk med på laget.

Horombo hut med nabofjellet Mawenzi i bakgrunnen. Heilt ok solnedgong=)

Turen opp til første hytte var heilt fantastisk kva tropisk skog, turglede og god mat angikk. Opp til andre hytta bytta vi ut tropisk skog med eit strålande utsyn og fagre åsar, men elles var oppskrifta uendra. Andre hytta heiter forresten Horombo, og her vart vi to netter sidan vi hadde lagt inn ein ekstra akklimatiseringsdag her. Denne dagen utnytta vi godt til å gå ein tur og gløtte på Zebra rock og til å hooke opp Helge med ei sverigerinne. Uheldigvis måtte denne lovande relasjonen avbrytast, då ho måtte sendast ned att i relativt pjuskete forfatning grunna høgdesjuke. So mykje for den sinnrike assisten som Jæris hadde lagt opp med. Jarles 2 var vonbrotne, sjølv om Helge såg ut til å ta det fint.
På utsida..

Meg og Zebra Rock...og ein koffert.


Teama og hovudguide Howard ved Zebraveggen. Ikkje la dykk lure av det triste uttrykket til Howard, han var eigentleg kjempeglad for å vere på tur med oss.

Når siste kvelden på Horombo nærma seg kom òg spenninga og nervane. Det som no stod framføre oss skulle avgjere suksessen til ekspedisjonen, og vårt omdøme i ettertid. Mykje stod altso på spel. Morgondagens timeplan såg slik ut:

1.Stå opp kl 07:00 og ete graut og proper English breakfast.
2.Gå so sakte som mogleg opp til Kibo hut på 4700 m.o.h. ved foten av haugen. (Opp 1000 m der altso)
3.Slappe av litt og ete so mykje mat som magen klarer å halde på, gå på do og prøve å sove. (Rart kva høgde kan gjere med alt innanfor kroppens fire veggar)
4.Stå opp kl 22:30 for å ete meir. Lett som ein plett..Not...
5.Not Not..(Gjerne med Boratstemme)
6.Gå 1000 høgdemeter til opp i mørket.
7.Gå 300 høgdemeter til opp.
8.Ta bilete
9.Snuble i rask takt ned att 300 h.m.
10.Sklisnuble i springetempo ned 1000 h.m.
11.Slappe litt av og ete litt mat.
12. Gå halvt i ørska ned 1000 h.m. til Horombo
13.Et litt mat og velt deg oppi næraste seng.

Tunet til Kibo Hut, ved foten av marebakken.

Vi følgde skjemaet ganske bra, bortsett frå litt ekstra krydder her og der. Ifrå omtrent 5400 m.o.h. hadde Jallis lite krefter igjen, Helge klarde ikkje å få plass til fleire pust imellom innhaleringane og eg hadde ein gnu inni hovudet som ville ut i tillegg til aukande kvalme. Ikkje umogleg at det var ein gnu inne i biletet der òg..

Vi vart raskt passert av ein gjeng eplekjekke gamle sveitserar, ein aldrande tyskar som alle kalla Opa, i tillegg til eit yngre par der mannen bar på ein OL 2008 Czech Team ryggsekk. Gamblingtendensane kom snart til overflata og eg sette ein Twix på at han var med på det tsjekkiske vannpololaget. Jærle sette eit grønt e-stoffgodteri på at han var med på basketlandslaget medan Helge meinte det måtte vere eit eller anna innan friidrett. Han måtte setje to Bounty på dette då det var litt for lite spesifikt. So Petr Czech lookalike, viss du ser dette, ikkje nøl med å ta kontakt og gje oss rett svar!

Vi kontrapasserte dei eplesveitserane først, der vi feia forbi dei i jamt tempo. Rett nok ikkje utan å få slengt ein, sikkert velmeint, «Lillihamer Express» etter oss. Lenger oppe i bakken passerte vi Opa, som hadde seg ei av fleire spypauser. Petr og kviga nådde vi ikkje igjen diverre, men vi grusa dei på veg ned att då Petr halta verre og måtte støttast opp av ein ikkje veldig svær guide. In your faces..

Punktet der vi for første gong er på kraterkanten heiter Gilmans Point, eller Jarles Point frå no av, for det var her han måtte erklære uavgjort med fjellet sist gong. Mange seier at ein har bestige Kilimanjaro ved å nå dette punktet, men dette er berre tåkeprat. Ein 3-poengar kan kun hentast heim ved å nå Uhuru Peak på 5895 m.o.h., gjerne akkompagnert av sviktande føter, skallebank, førre måltid omtrent på høgde med øyrene og begynnande lungeødem.

Sigersbiletet av oss på toppen av den høgaste haugen.

Turen bort til toppen ifrå Jarles Point er berre med 300 meter stigning totalt og skulle vere som ein leik, om enn ein veldig tung leik. Dette stemmer på ingen måte! Gnuen i hovudet og den mellom øyrene vart meir utålmodige, i tillegg til at kraterkanten har minst 3 eller fleire luretoppar før Uhuru Peak. Spørs kor intenst ein ser etter moglege toppar. Men fram kom vi, og Jarle fekk ein etterlengta revansje. Der var det berre å stille seg litt i kø for å verte teken bilete av attmed skiltet på toppen, ete litt sjokolade og verte jaga nedover igjen av hovudguide Howard. Eg gløymte heilt av at eg hadde teke med videokamera og munnspel, og Helge var heller ikkje med på notane. Istaden var det lett jogg nedover att so fort som råd for å legge att høgdesjuka.

Ej satt na på toppen, diverre utan standard bekledning. Rart kva som går i gløymeboka når det einaste ein har i magen, ein fattig litan Twix-twist og venstre bakfot til ein marsipangris, ikkje er nøgd med tilværelsen.


Helge og Jarlis i obligatorisk komagange ned ifrå toppen.

Den oppmerksame «skal berre kike innom»-bloggar vil kanskje sjå på biletet og undrast over den litt uortodokse bekledninga vår. For min eigen del var den som følgjer:
1.Ull-t-skjorte, ullstillongs og ullsokkar
2.Ullskjorte og ullstillongs
3.Ullskjorte og fjellbukse
4.Ullgensar og lånt regnbukse
5.DUNJAKKE

For den som ikkje har ei dunjakke på seg enno; Jogg og kjøp, og ta den på snarast! Måtte rett nok gå med dunjakka og ullgenseren relativt opne heile turen opp, men du hjelpe meg kor praktisk å kle på seg på toppen ved å zippe igjen to glidelåsar istadenfor å vase rundt i sekken og kulingen.

Gjengen ved Jarles Point på veg ned att. Biletet lyg, for ingen var like glad som vi gav uttrykk for.

Ifrå Jarles Point og ned til Kibo hut gjekk det radig ved å skli ned den bratte marebakken i den lause grusen vi hadde lista oss opp på. Tanken om å verte kvitt skallebanken gjorde at det gjekk enda raskare, og støvskya etter Howard framføre meg sla heller ingen dempar på viljen til å kome framføre.

Opa og Oma i heit omfavning i solnedgongen på Horombo. Lik allversjakke er stil.

Deretter drog vi no ned att til Horombo, før vi stupte ned nesten 2000 høgdemeter til den neste dagen og kom i mål ved inngongen til Kilimanjaro National Park. Ein flott gjennomført tur ifrå begge teama, men som ikkje freistar til gjentaking.

Meg og min faste følgjesven, stokken Desmond, på veg ned att. Hatten er snudd rett veg etter den store triumfen på haugen.


Typiske berarar, med mesteparten av bagasjen på hovudet. Meg inn frå høgre.


Tipse- og spanderingsrunde etter ein kjapp dusj på hotellet med heile crewet vårt. Legg merke til Howard cent litt til venstre for midten.

Ein spesiell takk må rettast til Jarle som etter lang tids sjokoladestreik hadde gitt seg sjølv lov til å nyte Kvikklunsj på 5895 m.o.h., men som gløymde det heile og nekta seinare å ete dei 5-6 sjokoladane som no ligg i vårt kjøleskap. Ka du gir mej..
Jarle, det va veldig kjekt å treffe dej og vere på tur me dej! Du e kul, som biletet viser.

Biletet som viser.

No i ettertid ser eg at mitt eige blogginnlegg kjem på omtrent like mange ord som H cent sitt, og mitt sleivspark mot han kjem då sikkert rett attende i mine andlet. Menmen, e berre ein ting å sei om det:

onsdag 28. januar 2009

Hjelp?

I forigårs skjedde det igjen, dette som er so vanskeleg å vite fasiten på. Ei ungvaksen dame stod i krysset vårt, attmed alle ungane vi brukar å løfte og hive rundt kvar dag, og venta på oss. Ho spurde meg korleis det gjekk og alt det der, og eg svarte etter beste evne. Eg hadde aldri sett ho før, og spurde om ho var ein av naboane våre. Det var ho ikkje, for ho var kome langvegs frå. Ho lurte på om eg hadde tid å prate med ho, for ho hadde pengeproblem. Ho viste meg ein lapp med prisar på skulegong for ungar, og so såg ho på meg med store, bedande auger...

Tidlegare på dagen hadde eg arrogant og frekt avfeia tre fillete og litt frekke ungar som ville ha flaskevatnet eg hadde, og deretter pengar når dei ikkje fekk flaska.

Tidlegare denne månaden måtte eg og Helge seie nei til ein ven i Chrisc som var i finansielle tronge tider.

Før jul kom ein nabogut som er sveisar bort til oss og ville ha 5000 TSZ (ca 4 dollar) til mat. Til samanlikning so åt vi førre lunsj for 1000 TSZ

Eg har ikkje tal på kor mange vitsar med dårleg skjulte poeng som oppfordrar meg til å la PC, eventuell motorsykkel og elles alt av verdi eg har liggje att hos Chrisc i Arusha.

Nokre situasjonar er lettare å svare nei i enn andre. I det første eksempelet gjekk eg derimot heim med ein pill råtten kjensle..

Det går sjølvsagt ikkje an å dele ut pengar til alle som kjem til nabolaget. Då står det kø neste morgon heilt ned til hovudvegen med andre som treng pengar like mykje, og heller meir. Men likevel..hadde dokke sett augene til den mora.

Heldigvis for meg er eg overbevist om at praksisplassen min her, CHRISC Tanzania, har 10 gongar meir bruk for mine og Helge sine organisatoriske evner enn pengane våre, om det so skulle vere millionar av kroner. Det er difor vi er her og det er her vi skal gjere ein forskjell.

Det er hardt å møte fattigdom i form av eit ansikt likevel, spesielt når ein tenkjer på at hjelpa vi er komne for å gje må gå vegen via hovuda til Chrisc-tilsette, deira initiativ og evner og ut i praksis med informasjonsarbeid om HIV/Aids, leiarskap, førstehjelp samt eit fritidstilbod utan rus og kriminalitet.

Til gjengjeld håper eg at det iallefall vil verte ei varig hjelp, sjølv om det ikkje er ei direkte hjelp, til sonen til denne mora. Kanskje.. Og tusenvis av andre mødre med søner i tillegg til denne eine..

mandag 12. januar 2009

Bilete og slikt ifraa infield og Zanzibar

Sat igjen med nokre bilete som ikkje har med verken strekkhopp, bakfulle og bleikfeite tyskarar eller bart å gjere, men det er for gale å la dei gå til gnuane..so her kjem dei.


Kan ellers melde at eg skal gjere ein freistnad paa Kilimanjaro på onsdag. Helge og eg samt ein kompis av HellG som har kome på besøk hit for å vere med. Rettare sagt so er det kanskje han som skal og vi som slengjer oss på. Eg må seie at eg ikkje heilt har turen klart for meg, og kjenner meg ikkje heilt førebudd..eg er berre med...påeinmåda. Men ein forsending heimafrå med julemarsipan, dunjakke og Fri Flyt har hjelpt ganske so bra på førebuingane mine iallefall. Spådomane for turen og utfallet varierer litt, men felles for alle er at dei svingar mellom drit, drit og magisk, og magisk. Satsar helst på det siste, sjølv om dobbel dose dopapir er det første eg har tenkt å pakke med. Toppen er forresten plassert sjukt høgt oppi skyene, ca 1000 meter høgare enn eg tenkte at som var passeleg for eit høgaste fjell her i Afrika..menmen. Det e no berre ein bakke..og eg har ingen planar om å halde det ekte sunnmoersk og starte ifrå havnivå. Det verte berre for teit..

Mhm, bilete..Viss alt går etter planen so er det ifrå infield først og når folk på bileta har fått på seg bikini eller slikt er vi komne til Zanzibar.


Hanne og LS på sykkelturen på infield.


Anders på same tur. Legg merke til stoltheita over å bere Nordic Sports Day t-skjorte, ei konkurranse i Kampala dei vann.


Afrikansk løysing på at der ikkje er ei kai der RUTEbåten legg i land.


Meg ved steinane som markerar starten pa Nilen, eller the source of the Nile for alle ekspedisjonsspirar der ute. Legg merke til t-skjorta ifrå Setesdal Steinmuseum. Jeg er Steingal.


Ole Asbjørn tek rolla som leiarsau.


Ole Johan og Anders for Team Astana.


Liv Astrid og Maria smilar over å vere i tetgruppa.


Helge i kjend stil på stranda, etter vår første dag i sola utan solkrem. (Den låg igjen heime)


Seilas på beachen.


Seilas med tilskodarar.


Linn Silje testar om triksa ifrå Rwanda fungerar like bra på Watoto Watanzania.


Hanne og LS på same seilas.


Kamera og ungar.


Kamera og ungar 2.


Arabisk restaurant der du var pålagt aå ta av deg sko og legge deg ned på ei pute eller sju.


Turisttur til Stone Town. Har nettopp bestilt den berømte bufeeren til julafta.


Morgon på stranda på julafta. Gåveutdeling og stas.


Linn Silje viser den flotte gåva ho har fått ifrå meg og Helge; portrett av oss etter novemberkottisprosjektet. Lik gåve til alle andre damene våre me. Trur alle vart glade.


Anders viser fram julegaava ifraa Cirene; norsk staesj som vi alle sakna.


Marine Marit i båten vår ut til delfinsafarien.


Frekke Fredrik viser kor nær han var å ta på ein delfin.


Utflukt for aa snorkle paa korallsteinen like utanfor beachen.


Meg og Helge paa same turen.

torsdag 8. januar 2009

Apropo bart

For å slenge mej på MadagØyvin si bølgje, so legge ej ut ei lekkje til bloggen med bartebileta av alle i konkurransa. Alle he diverre ikkje lagt inn sitt bilete enda, hinthint!, men vil forhåpentlegvis gjere dette nownow. Og ja, nownow e afrikanskengelsk og betyr det same som engelsk now. Ein afrikanskengelsk "now" betyr "om ei stund" eller "i overskueleg framtid".

Koffor har du ikke bart?

Det ligg eit par ekstra godbitar ifrå bart- og bølgjeklubben Kanga sin laginnsats der.

tirsdag 6. januar 2009

Bartekonkurranse

Eit anna fabuløst forslag til konkurranse, klekka ut av Madagaskar-Øyvin, var å konkurrere i bart. Nærare bestemt adventsbart. Det var om å gjere å spare for harde livet ifrå 1. desember og til julafta, og deretter bli vurdert av jurymedlemmar. Alle hjelpemiddel var tilletne. Vi fire stutane ifrå Austafrika tok dette særs alvorleg, og etter hard kniving var det duka 1. juledag for resultata. Og ein photoshoot av dei flaue og sjeldne. Eg har som regel ein høg terskel for denslags, men her var eg på kanten av det eg klarer å halde meg alvorleg til og utan å rødme.


Mitt bidrag kjem her, og med ein slu taktikk for å imponere hovuddommar og trønder Linn Silje kom eg høgt opp i Austafrikameisterskapet. Den naturlege taktikken ville vore å appellere til trønderen i Linn Silje, men sidan hockeyen blei teken rett før infield og mokkasinane mine trulegvis har flytta til Polen var dette ikkje eit alternativ. Eg tenkte difor eit steg lenger, og gjekk for den meir franske looken. LS har vore eit år i Quebec og kan fransk, og denne innfallsvinkelen tenkte eg ville gje best resultat. Det gjorde det.
Eg trakk det lengste strået, men kun slått med 3 poeng av ein delt andreplass mellom Helge og Fredrik. Anders mista mellom ei og to veker grunna slaskestell med å barbere seg, og kom sist på trass av eit klart favorittstempel grunna midtskill på ryggen allereie i ein alder av 24. Etter ein kort rådsslagning kom vi til at vi likevel stiller alle saman i verdsmeisterskapet, både i singel- og lagkonkurransa, for alle bartane var fantastiske på kvar sin måte. Etter eit kort blikk på andre bloggar og deltakarar i konkurransa tør eg, dog litt freidig, påstå at pallen er vår.

Stor takk til Linn Silje, Hanne og Marit for juryarbeidet og grundig bedømming av bartane.

Beste lokale antrekk

Allereie på Hald i september avtala eldsjeler i Austafrikagjengen at vi skulle ha ei særs morosam og uhøgtideleg konkurranse om kven som kunne stille opp på infieldkurset i desember med best lokalt antrekk. Og med best meinte vi eit antrekk som i størst mogleg grad ville frambringe ukontrollert latter, store auge og pustevanskar hjå dei andre. Eg hadde ein stereotyp av den jamne afrikanar at det gjekk mykje i blomster, fargar og volum når det gjaldt bekledning. I ettertid ser eg at eg må nyansere litt stereotypen min på dette punktet.

Det vart tidleg klart at jentene hadde eit enormt fortrinn i konkurransa i og med at det kun er afrikanske damer som kler seg "best". Menn går gjerne i kjedelege slacks eller gråbrungrøne dressbukser med ei lite "best" skjorte til. Damene derimot har gjerne dei villaste kreasjonane både til kvardags og fest, og med hattar og skaut du ikkje trudde fantest. Dei første vekene gjekk då med til innbitt tenking og fundering på korleis dette skulle konkurrerast mot.

Løysinga kom relativt tilfeldig, under ein samtale med Phyneous på kontoret. Etter samtalen var det klart at ein maasaidress var det einaste "best" alternativet.

Eit viktig kriterium for det lokale antrekket var at for å stille til start på infield måtte det vere brukt minst ein gong i full offentlegheit før infield. Helge tok ein sistelitenshopping i ein maasaishop siste skuledagen vår før infield, og eg børsta støv av dressen min og vart med på det store fesjået. Festen starta på CHRISC-kontoret, der passivmaasaien Aron, vår sjef, viste Helge kvar plagga skulle hengast på kroppen. Phyneous fulgte entusiastisk med og bistod med latter og hoiing der det trengdest.


Turen gjennom byen til swahiliskulen var ein dels flau og mest egoboostande oppleving. Det er kanskje den første og siste gongen i mitt liv at trafikk har stoppa opp når eg går på gata, men det må seiast at det er ein ganske god kjensle. Dagens swahiliord var utvilsomt "Pendeza!", eller "Attractive!" på engelsk. Det verste er at afrikanarar ikkje har ironi som språkleg verkemiddel, og difor meiner det. Eg og Helge smilte og vinka heile vegen, som kongelege på 17. mai, gjerne ispedd med nokre "Cool" og "Freshi".


Å halde på tre lendeklede i svak kuling kan imidlertid by på utfordringar.
Vår swahililærar og sekretøsa var henrykt over synet som møtte dei. Etter timen fekk vi sekretæren, Mama CoCo, til å ta bilete av oss og læraren, Bwana Sango. Det som etter kvart gjekk opp for meg var at å gi eit kamera til ei eldre afrikansk kvinne utan teknisk sans ikkje er einsbetydande med gode bilete. På 3. forsøket klarte ho å halde kameraet mot oss og ikkje si eiga kløft, og etter eit par forsøk til kom samanhengen mellom bilete på kameraskjermen og det tekne biletet snikande til ho. Etter 6-7 forsøk var smila blitt stive og Bwana Sango utilpass, so vi kalla det ein dag og takka pent for oss. Å sjå biletseria om att på kameraet var ein fest utan like, og dette biletet her er relativt beskrivande. Det er rett nok ikkje det beste mama CoCo tok, men det er det eg likar best likevel.


På veg tilbake til kontoret traff vi på fleire stk ekte maasaiar, som heldigvis ikkje tok det ille opp at vi ikledde oss bunadane deira. Eg hadde vel flira eg òg om ein av dei hadde kome i tjukk, svart vadmelsslacks og like tjukk, raud vadmelsskjorte på gata. Og pent strikka ullknestrømper med kneband.

mandag 5. januar 2009

Tilbake til "heimen"

No har eg kome tilbake til Arusha, byen med få gateseljarar og behageleg temperatur, og fått sove ut. Ei lita strek i rekninga var at vi ikkje hadde vatn heime, men det er rart kva ein finn berre ein leitar litt rundt.

Det har blitt mange inntrykk og mange opplevingar sidan sist innlegg, ikkje minst sidan vi har vore på infieldkurs og ferie. Veldig kort fortalt er infieldkurs at ein lærar eller to kjem ned til regionen vår og samlar alle oss elevane her til hygge, oppsummering, læring, evaluering, reparering, mekanering...Om du vil vite meir detaljar og nøyaktige fakta er det berre å gå til Helge sin blogg. Dette gjeld nok generelt for heile feria vår òg, då eg likar å skrive om pussige ting heller enn fakta.

Bortsett frå å sjå igjen alle gode vener på infieldkurset i Jinja, Uganda var kanskje strekkhopp det artigaste eg gjorde. Eg treng gjerne ein sommar med tinderangling for å verte kvitt høgdeskrekk- og respekt, og eg hadde då i so måte ei veldig dårleg opplading til dette "vågestykket". Helge, som har eit snev av høgdeskrekk, og eg hadde diskutert dette før infield og konkludert med at minst 2 av jentene var galne nok i hovudet til å skulle hoppe. Og dermed overlate ingen andre alternativ for oss òg..


Vel oppe i tårnet der galskapen skulle foregå stod vi alle 6 spente og nervøse, medan vår vikarierande lærar Ole Asbjørn dokumenterte lenge og vel med videokamera. Gjerne ispedd med latter og kommentarar på sørlandsk som til dømes "Oj, kjenner dere hvordan tårnet gynger når jeg hopper opp og ned?" Tidlegare hadde han sluppe fastbrende sitat som "Har gjort det en gang før, men aldri igjen. Kjennes jo som om en skal dø vet du."


Dette biletet og neste e Hanne sine, men ej fekk avleda ho og stjelt dei.

Stemninga var, som før fortalt, i beste fall nervøs. Bortsett frå "Det er lettere andre gangen"-Anders vil eg seie at gutane ikkje var av dei mest tøffe i trynet der oppe. Når eg gjekk opp var eg ca midt i køa, men vart fort utmanøvrert bakover av andre nervøse. Eit forslag om stein-saks-papir om rekkefølgje vart motteke med nervøse nikk utan at nokon slapp taket i sin posisjon, og rekkverket. Eg forblei difor siste stut ut, og med kun jenter bak meg var dette siste spiker i point of return-kista. Vi hadde operert med iallefall 6-7 versjona av denne fristen, heretter kalla PONT, heile denne dagen. Alt ifrå ein enkel PONT når vi sette oss i strekkhoppbilen ved hotellet, via absolute PONT når vi betalte 65 dollar i skranken for hoppet og til no denne situasjonen eg var i no. Eg vil kalle den beyond all possible honour PONT.

I ettertid fekk vi alle ei personleg julehelsing ifrå ein lærar, og på min stod det m.a. at "Det var moro å se den store mannen skjelve oppe i tårnet".

Ifrå det var min tur og til eg var vel på veg ned til vatnoverflata var det verste over, det var ventinga som var den store spenninga. Eg kom diverre ikkje heilt nedi vatnet som eit stup, og dette resulterte i ein del småbanning ifrå det australske tårnmannskapet fekk eg fortalt i ettertid. Etter å ha sett 1000 hopp må vel dei få ha nokre mål å sikte etter dei òg.


Seinare den kvelden hadde vi ein betre middag og kåring av beste lokale antrekk. Vi kom vel til at alle var vinnarar og alt det der..det var iallefall ein feiande kjekk kveld. Dagen etter reiste vi tilbake til Kampala og vidare til Zanzibar. Dette vert nok nærare forklart i neste innlegg, og iallefall på Helge sin blogg.