søndag 15. februar 2009

Besøk av Bildøy Bibelskule

Avogtil skjer det at vi får besøk ifrå Noreg av skular, og 10. februar skjedde det igjen. Frå før av kjenner eg veldig godt ein av lærarane, Magnus, so det var ekstra kjekt denne gongen. At gjengen var ein strålande herleg gjeng sette ytterlegare ein spiss på vitjinga. Etter lang mailkorrespondanse og pratar med folk på kontoret fann vi i fellesskap ut eit godt program. Nokoav det første som stod på tapeten var besøk til ein nykristna masailandsby for å sjå kor dette livet såg ut. Vi har gjort det same før med ein ikkje-namngitt folkehøgskule med hell, og tenkte at dette var bankers. Ei revurdering av dette utsagnet måtte imidlertid gjerast etter besøket...


Magnus til venstre og ein gamal ruttis av ein masai til høgre.

For Bildøy klarte å kommunisere med landsbyen på ein heilt spesiell måte. Det heile utvikla seg til ein slags salme-battling. Litt betre forklart havna alle i ein stor sirkel og so var det kvar sin tur av lokale og gjestar å framføre ein song eller dans. Bildøy var ikkje heilt førebudd på dette, men drog det iland med 3-stemte bordvers og jenka. Fantastisk og herleg på same tid! So å kalle det bankers er ei stor underdriving=)


Første par ut..

<br />Rutinert nok hadde Bildøy med seg passe mengder ballongar som var skikkeleg populært.
..og Bildøy svarar. Jenka er universelt


Rutinert nok hadde Bildøy med seg passe mengder ballongar som var skikkeleg populært.


Eit hjarteleg handtrykk mellom dei to flokkleiarane runda av besøket.

torsdag 12. februar 2009

Onkel Blå

Her forleden sa eg til nokon at no var eg blitt so husvarm her i Tanzania at eg kom til å bli rana snart. I forgårs var det ein som tok meg på ordet..

Vi hadde nettopp spelt ein "bedrifts"-"venskaps"-"kamp" for CHRISC mot TNA som er Tanzanian National Army. Ja, det stemmer, hæren kan spele fotball. Etter kampen, som enda 1-1 og var meir drit enn magisk, var vi slitne og sette navlen i retning heimen igjen. Men ja, tjuveriet. Det heile var so enkelt som at eg tok fram pengar til å betale dalladallaen (minibuss) og la lommeboka i topploket på sekken igjen. Der var den ikkje når eg var vel heime. Visakort, lappen og nesten ei månadsløn for ein grunnskulelærar i cash. Skal tjuven leve på grensa til absolutt fattigdom (1 USD om dagen) vil han kunne leve på denne fangsten i litt over 2 månader. Vil han heller leve som turist her, og dette er nok vesentleg meir sannsynleg då "morgondag" er eit ukjend begrep som ikkje kan eller bør takast seriøst, held nok pengane litt under 2 dagar. Det spørs litt kor mange Mt. Kilimanjaro-solhattar og maasaispyd han vil ha..

Menmen, verda fall ikkje i grus sjølv om tapet var forsmedeleg. Og dagen etter skulle eg på politistasjonen for å melde brotsverket. Og høyr no, no kjem det..

No har eg aldri trampa ned dørstokkane til onkel Blå før, og visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Det var iallefall ei sunn inngongshaldning ser eg i etterkant. Eg møter opp, med bukse og skjorte for å verke mindre kvit, litt etter lunsj og stiller meg ved "skranken". Folk står, sit og ligg litt overalt, og skranken verkar meir som ein molo med hav på begge sider enn ein stad for betjening. "Bak" skranken, ved ein vegg, sit/ligg ein kar som grin høgt og dramatisk til ei dame der. Denne dama berre heng og gjer ingenting, bortsett frå å irettesetje grinaren avogtil. Ved sida av denne dama sit ein tynn, og litt full eller gal, mann med eine sida av hovudet barbert pga det enorme kjøtsåret han har i hovudbotnen. Eg må kike fleire gongar for å sjå om han har "hol i haudet" på ekte, men kjem til at det har han trulegvis ikkje. Han vimsar òg litt rundt og truar grinaren litt med lite skremmande sparke- og slågestar. Det luktar sterkt av maling overalt, og dette skuldast ein heilt kvit- og blåflekkete malar som er i ferd med å renovere politihuset på ein slurvete måte. Ein politimann står ved skranken og betjenar ein kar, medan 3-4 andre eksemplar av lovens lange barm står og ser på det same som meg.

Etter ca ti minutt med dette tek eg mot til meg og bryt inn i praten til ei av dei lange barmane for å få hjelp. Då tek ting til å skje, og etter kun 20 minutt kjem ein kar og skriv eit saksnummer på ein papirbit til meg. Med den skal eg opp i 2. etg og betale 2,50, for deretter å gå ned att og inn 2. rom på høgre hand.

Som fortalt, so gjort. I 2. etg venta eg berre 5 min, og eg fekk ein ny lapp. Den var gul, og i tillegg til saksnummer stod det òg namnet mitt. Iallefall sann omtrent mitt namn. Vel nede i første etasje igjen venta eg berre 10 min for å bli "ekspedert" av ei resignert politidame i eit rom møblert med ark, permar og rapportbøker. Eg gir ho den gule lappen. Den landar på kontorpulten. Ho sukkar og fortset med det ho gjorde på. Etter nye 10 min kjem den blåkvite malemannen inn på rommet og feiar over veggen med kosten. Og so skjer det noko, endeleg. Politidama, la oss kalle ho Nancy, har funne fram eit skjema og gir til meg. So seier ho at eg skal gå over gata til "contain" og få to "photocopy". Eg nøler, men hoppar i det og går ut. Det er nemleg eit politibygg på andre sida, og eg tenkjer at "der må sikkert nokon stå og ta imot og vite kva eg eigentleg skal gjere". På veg over gata til politistasjon nr 2 ser eg ein spraglete container som tek kopiar. Nancy var altso tom for skjema og sende meg for å ta ein kopi. Eg tek 2.

Vel tilbake på kontoret til Nancy er eg at kopi nr 2 vekkjer litt lettelse, for ellers hadde Arusha politistasjon vore utan skjema til neste person som skal anmelde ei sak. Ho treng nemleg begge kopiane for saka mi. Og no byrjar ballen å rulle, for etter kun 5 min startar ho å skrive saksnummeret og "namnet" mitt på skjemaet. Etter kvart kjem vi til kva eg har mista og ikkje, bortsett frå eit avbrot eller fem av kollegaer som kjem og seier hei. Ein av dei presterar å seie "pole na kazi" som best kan omsetjast til "eg kondolerar fordi du har arbeid". Eg legg rundt desse tider merke til ei dame til som sit i eine hjørnet på kontoret utan å seie noko. Eg såg ho i starten òg, men no byrjar det å verte litt rart. Eg let ho vere enn so lenge..ho Birgitte.

No er vi som sagt på ein "roll", og snart går Nancy ut med skjemaet i to eksemplar og den gule lappen. Eg er henvist til ein kubbestol sidan det kanskje kan ta eit minutt eller to. Eg let den nyflekka kubbestolen vere der den er og finn heller ein riglafengjen stol utan maling på. Eg og Birgitte. Etter ei stund kjem Nancy tilbake utan noko framgong i papirmølla, ho manglar enno ein signatur. Men kun 10 min etter freistar ho på nytt. Birgitte har skifta stilling til klassisk sovestilling med stol og bord og er ikkje mykje underhaldning i. Eg ser ut vindaget i staden og ser ein liten, tynn mann som skubbar ein bil med ein stor mann i over parkeringsplassen. Og plutseleg går Nancy forbi med ein kollega. Heldigvis med mine papir i handa..

No har medvinden i saka løya, og ingenting skjer. Eg er i ferd med å verte litt svimmel av malinga i rommet, for sjølv om her kun er gitter og ikkje vindauge hjelp det lite når det ikkje er vind. Eg vert òg kjend med eit par tre kollegaer som stikk hovudet inn, men ellers lite. Ein eldre kollega går bort til Birgitte og stikk ho 6-7 gongar med batongen for å høyre kor det går. Og no får eg første gong ei aning om at Birgitte kanskje ikkje er her pga opptrening til å verte politi eller OD eller noko slikt. Ho er tydelegvis lei seg, og med min spartanske swahili kjem eg til at det har noko med 900 000 shilling å gjere. Ouch. Det tilsvarar omtrent 4-5000 NKR, og kan nok neppe skaffast inn att med mindre ho har ein uvanleg god jobb. Og på sukkinga verkar det ikkje slik. Eg spør kva som er gale, men ho vil ikkje svare. Og no er det ikkje like gøy å kike på eit ikkje-fungerande politivesen lenger..

Etter 40 minutt har ein av dei som stakk hovudet inn for 3. gong sett at eg ventar, og går og finn Nancy. Eller, iallefall papira mine, og det er no det viktigaste. Eg forlet tause Birgitte med eit "Good luck" og går ut. På parkeringsplassen går eg forbi Nancy, som er godt inne i ein samtale med ei kolleginne. Smilar, helsar og flirar.

Sann ifrå spøk, men sanning, og over til alvor. På den eine sida:
Det tanzanianske politiet er korrupt, ineffektive og Nancy spurte aldri kvar eg hadde blitt fråstjelt lommeboka. Ei etterforsking vil nok ikkje starte opp i dette århundret, men det er no greitt nok i mitt tilfelle. Litt verre for Birgitte og 40 millionar andre tanzanianarar.
Men på den andre sida:
Politi er eit lavtlønsyrke deluks her i landet, og har lite midlar som når ut til å betre sjølve politiarbeidet. På kontoret til Nancy var det utfylte skjema i stablar i alle hyller og brukbare areal, og malingseimen er meir enn god nok grunn til å ta seg ei ekstra pause.

So, til den norske stat: Viss dokke he tid og penga so kan dokke godt introdusere IT til det tanzanianske politiet. Og helst ikkje berre dump 2000 Dellmaskiner utfor døra deira og legge ved 3 eksemplar av "Windows for dummies", for det kjem aldri til å funke!