onsdag 15. april 2009

Bloggrutiner sei du?

Mhm, det he sej slik: Ej he vore travelt oppteken med aa oppleve mest mogleg og ha besoek av flest mogleg samstundes siste to maanadane og har difor ikkje faatt oppdatert bloggen slik eg ynskjer. Dette er eg no imidlertid i ferd me aa gjere bot for, og om du skulle finne bloggen interessant ifraa foer anbefalar eg at du kikar kjapt igjennom ifraa februar og utover. Eg tenkte nemleg det var best aa ha ting i kronologisk rekkefoelgje.

Har hatt lengre og lengre innlegg i det siste, men det e fordi ej har det kjekkast om eg fortel alt eg vil fortelje. Ingen snarleg betring med andre ord, men har proevd aa ha flest mogleg bilete for aa illustrere historiene mine. Er du i beit paa fakta eller utbroderingar om misjonaerar kan du som vanleg gaa til Helgetur si side.

Er du lite gira paa dette kan du iallefall ta med deg eitt av staten Tanzania sine mottrekk mot problem i landet.


Litt bisart: siste ordet betyr "it kills". Byttar ein om ein bokstav til "unaoa" tyder det "it marries". Lett aa bomme.

tirsdag 14. april 2009

National Camp – Leir på tanzaniansk

Heilt ifrå etter Kilimanjaroturen har National Camp vore det store arbeidsemnet på CHRISC-kontoret. National Camp er meint å vere det tanzanianske motstykket til KRIK sitt Arena om sommaren, men enormt konkurranseinstinkt og lite gjennomtenkt opplegg har gjort leiren meir lik Norway Cup fram til no. Dette var noko vi, og resten av KRIK i Noreg, var fast bestemte på å endre. At Norsk Folkehjelp, som sit på heile pengesekken til leiren, òg var blitt gretne på dette gjorde at vi hadde kniven på strupa for å få dette til i tillegg. For å gjere ei lang historie kort gjekk dette veldig bra, og forbetringane i forhold til førre år var enorm. Det som kanskje er enno betre er at nøkkelpersonell i CHRISC Tanzania såg at endringane KRIK tvinga fram gjorde leiren til ein mykje betre leir i tillegg, og dette lovar godt for framtidige nasjonale campar.

Etter at vi alle hadde stikke fingeren i jorda kom vi til at Hald-studentar ikkje var de best skikka til å springe rundt og gjere innkjøp og ærend på swahili. Det hadde blitt nokre ganske dyre prisar i tillegg. Eg og Helge, eller H H group som vi so populært heiter, fekk difor ansvar for all dokumentering med bilete og video. Heilt perfekt for min del, og det gav meg frie tøylar til å gå rundt og prate med folk og fe samt å filme og ta bilete av alt som skjedde. No kan eg nok ikkje skryte av å ha filma alt som skjedde, men i ettertid ser eg at mengda med råfilm som skal redigerast er meir enn nok med tanke på den sparsomme tida eg har att her i Tanzania. At eg valgte å ikkje kjøpe flunkande ny pc før eg drog hit ned gjer òg sitt til at det tek tid=)

Grunna frykt for trange bussar med dopauser kvar 6. time bestemte misjonær Peri seg for å kombinere reisa til Tanga, der NC skulle haldast i år, med ein, ja hald deg fast, boktur for misjonsstasjonen han arbeider på. Dette førte til at 1-åring Trond òg fekk bli med på turen, og måndag ”morgon”, same dag som NC skulle starte, kom vi oss i gong alle 4. Kort fortalt vart vi iallefall 2 timar forseinka, noko som var tungt når vi hadde stilt vekkjarklokka heilt nede på 5-talet.


Vanleg syn langs vegen Dar-es Salaam – Arusha. Ein trailer som har køyrt over evne og ei mengd med folk som kjem til for å hjelpe eller sjå om døra til lasteromet er open.

Stemninga steig raskt då Trond fortalde om nattevakta han hadde teke i å sove på post, og kalla inn væpna utrykningsstyrke ifrå sentralen for å gje han ein støkk. Omtrent som påfilm. Vidare var vi innom fleire bokhandelar og misjonærane fekk solgt kristen litteratur for mange pengar.


Trond i beinharde forhandlingar om mengde og pris i ein bookshop (rett nok i Lushoto på veg heim). Forhandling om pris er eigentleg å overbevise kjøpar om at det faktisk er faste prisar som ikkje kan prutast på.

Vi var ganske forseinka når vi ankom Tanga, og det viste seg at alle berre venta på camp-trøyene som vi hadde i bilen før leiren kunne starte. Stor var difor gleda då vi trilla inn på skuleplassen.


Rafael, sportsleg ansvarleg i CHRISC Arusha, er spesielt glad over at leiren kan starte, med camp-trøyer.

Camp-komitéen hadde til mi store, men gledelege, overrasking leigd inn eit skikkeleg bryllaupsbrassband og arrangerte eit lite opptog rundt eine banehalvdelen på skuleplassen. Herleg! Slitne og nøgde etter ein lang tur og ei artig NC-opning heiv vi oss inn på hotellroma og venta spent på neste dag.
National Camp gjekk over fire heile dagar, der første del av dagen går med til seminar og deretter fotball, volleyball, basketball og den meir ukjende netball. Netball er ifølgje mine lagkompisar i CHRISC Arusha ein jenteversjon av basket, og stor var difor skepsisen då dei innsåg at alle skulle vere med på alt=) Første dagen var rett nok annleis enn dette, då komitéen hadde planlagt treplanting på det nærliggjande Bongo Hospital. Etter dette gjekk alle deltakarane og leiarane i tog gjennom byen, med brassband og risting med raua. CHRISC Arusha kom definitivt dårlegast ut når det gjaldt rørsle til musikk og liv i toget, og dette er noko som eventuelle nesteårsstudentar ifrå Hald MÅ gjere noko med. Eg kom hit ned i den tru at alle gjekk rundt med trommer i gatene og dansa, men vart sørgjeleg skuffa på dette punktet=) Det er rett og slett for kaldt her oppe i 2-fjellheimen.


Oppvarming før opptoget.


Livleg gjeng ifrå Moshi som det var vanskeleg å få eit skarpt bilete av.


Treplantinga gjekk pynteleg for seg, utan større skader eller grøne fingrar.


Ein lystig gjeng med skills innan ljå og posering.


Dette biletet har mykje å fortelje. På det generelle plan har vi Eduard i midten, hasardiøs og god keeer/spiss på laget mitt i Arusha, som verkeleg stod fram som ein som kan vere verdt å satse meir på som leiar i CHRISC. Ellers, capsen til kviga er frå Bildøy si fortapt-turist-uniform, og ser du nøye på hua, ja faktisk ei hue i 36 varmegrade, so står det ”skogsriddarna” på den. Mwalimu Joseph, som han kalla seg sjølv, har nemleg vore i Danmark og kunne meir om nabolandet enn eg.

Etter lite aktivitet første dagen med treplanting og opptog var det på tide å brette opp shortsen og få spelt litt ball. Alle CHRISC-laga som var inviterte til NC vart i år miksa totalt, og alle draktsetta vart inndregne og redistribuert. På denne måten fekk vi mykje færre klikkar og inndeling etter heimstad i tillegg til at konkurranseinstinktet vart haldt meir på eit sunt nivå. Litt som kinderegg. Midt oppi alt dette gjekk eg, Haggis og T-bag og gjorde tinga våre.



Deltakarane såg ut til å trivast, sjølv stolte CHRISC Arusha-spelarar som måtte vere med på netball. Under ser vi Asani, treig og pasningssikker midtbanespelar på CHRISC Arusha, som hadde det spesielt vanskeleg med kvinnesporten. Legg merke til mannsmarkeringtaktikken henta direkte ifrå fotball=)



Om drakta og shortsen klarer å henge på når du går er du gamal nok til å vere med på laget.


Dedan, Nasjonal Koordinator i Kenya, og Andrew, på utveksling ifrå MYSA i same land, fortel om kor stor fisken er i Mombasa.


Medan dei andre høyrer på med vantru.


Basketballkamp mellom Chelsea FC og CHRISC Moshi.


Me and my crew keepin’ it real! Heldig med biletet forresten, for eg sveitta vesentleg meir enn det der til vanleg.


Kveldsunderhaldning av leiarane. Har vesentleg kulare bilete av meg på dansegolvet, men då hadde eg ikkje fått med Perobot.



Sidan eg gjekk mykje med videokamera hadde eg mindre moglegheit for å ta bilete. Det var difor mektig populært at eg lånte ut kameraet til eit par velbetrudde kids. Har fått ca 1000 slike bilete som dette, der alle venane, og dei plutselege venane, skulle posere for kameraet i beste hollywoodstil. Like moro var det å ta bilete av seg sjølv, og meg, men dette vart det få vellukka bilete ut av. Nokre gullkorn var det imidlertid, og det er veldig synd at 99% av desse ungane aldri får kjøpt seg eit kamera sjølve. På dette biletet har jenta, med eit uhugsbart namn, teke bilete av lisjesøstera si Belosi, etter å ha teke på linsa med fingrar som ikkje var vaska denne veka. Derav glamourlooken. Likte biletet likevel.



Av ting som tek tid på NC er mellom anna bilettaking med ein kvit på biletet. Idet det kjem ein fotograf som faktisk tilbyr papirkopiar av bileta er det berre å gripe tak i næraste mzungu og smile fint. Maria, som gjorde eit kjempearbeid som frivillig innleigd ekspertise på seminara, var definitivt den mest populære av mzunguane.


Etter tre fulle dagar med aktivitet og ”thinking about the environment” var det tid for avslutning med lange og høgtidelege talar, medaljeutdelig til beste ditt og datt og sist, men ikkje minst, get down to the beat.


Tidleg neste dag reiste vi heim att, via nokre bookshop-ar. Høgdepunktet var slett ikkje rice-n-chicken ved ei gatekro, men heller boksalet i ein fjellby som heiter Lushoto. Utvilsomt ein ”der ingen skulle tru at nokon kunne lage ein by”-plass med fantastisk natur rundt og ei ande-trivande utsikt som det heiter på norsk.
Å oppleve National Camp og den framgongen som var i forhold til kva eg hadde forventa gjorde verkeleg opphaldet her eit ekstra hakk betre! Det aller beste var at vi ikkje gjorde spesielt mykje for å lage det slik heller, det var home grown locals og ein god porsjon kenyanarar som gjorde det aller meste!

Siste kvelden på veg heim til hotellet etter siste kveldsunderhaldninga sat vi ein gjeng med vaksne leiarar og 5 mzunguar ifrå Noreg. Steminga var litt mutt og stille etter at leiren no definitivt var ferdig, og for min del at eg nok aldri får sjå igjen dei aller fleste av deltakarane eg har blitt kjend med. Det er mørkt ute og bussen listar seg stille mellom hola i vegen. So plutseleg hører eg litt stille humming ifrå dei framste i bussen. Det forplantar seg bakover og vert sterkare, og når det når oss bakerst i bussen er det blitt ein 4-stemt kristen swahilisong. Maria snur seg til meg og utbryt: Har du sett ”Så som i himmelen”? (Dei som har sett den skjønar stemninga..). Avogtil her i Tanzania går eg ut av meg sjølv utan å merke det og ser på situasjonen eg er i. Det gjorde eg no, og dette er definitivt ein av dei mest sære, morosame og lune situasjonane eg har vore i, heilt ubeskriveleg! Og at nasjonalkoordinator Aron og eg starta å dikte nye vers på 5. og 6. stemma i området falsett undervegs toppa faktisk heile driten.

Som ei avslutning vil eg ta med eit elendig bilete med ei ubeskriveleg herleg historie. Eine kvelden etter kveldsunderhaldninga på skulen der deltakarane sov klarte bussen å køyre frå oss. Ei lita bragd sidan vi skil oss greitt ut ifrå den jamne tanzanianar, og er relativt lette å oppdage i ei mengd. Uansett, eg og Trond hadde slått ihel litt tid med å bli vist litt rundt på sovesalane og gjekk no tilbake for å slå ihel enno meir tid fram til bussen kom tilbake og henta oss. Der møtte vi Maniche og broren Manucho frå CHRISC Zanzibar som vi kjende igjen ifrå eit lavterskel underhaldningsinnslag tidlegare på kvelden med snodig dans og eit lokalt kostyme. Trond, som har ei eiga evne til å ville prøve ting, såg sitt snitt til å ikle seg denne habitten. Og deretter tok det heilt av. Vi ville vite kva denne habitten heitte, og dei dikta opp, fann vi ut i ettertid, eit navn på det; ”Jebebe”. Uttalelsen vert best om du flyttar haka so langt bak mot nakken som mogleg når du seier det. Ei 10 minutts periode med gangsta’ holla fulgte, der ein ropte ”jebebe” og alle andre i området svara det same. Heilt fantastisk, og som ein aldri kunne opplevd heime i Noreg!



Jebebe!