torsdag 30. oktober 2008

Nytt land, blanke ark

Kanskje har du hoeyrt om det gode forslaget til Oeyvin om adventsbart? Det har iallefall eg og Helge, og er relativt motiverte.
Vi tenkte litt igjennom dette her ein morgon ved frukostbordet og kom fram til at vi har tenkt aa ta det eitt steg lenger. Ja, det stemmer, og det startar allereie i morgon med "November-kottis".

Eg oppfordrar alle, menn som kvinner, om aa delta i konkurransa. Deltaking er alfa og omega, og det vil kun bli delt ut stilpoeng og ikkje for veksten (for dei som maatte bekymre seg for det).

Ta kontakt og sei ifraa at du er med, verda treng fleire kinnskjegg!

Dalladalla (Matatu)

I gaar sette eg og Helge og 29 andre personar ny person(leg) rekord i tettpakka dalladalla! Fleire som he rekorda paa ditte? Verte berre glad om naaken slaar vaar rekord eigentleg, for det e naake alle boer oppleve ein gong=) "Solenge det e plass til ei flaske vatn i van-en ekje det fullt"(omsett sitat ifraa Phineous paa CHRISC-kontoret)

mandag 27. oktober 2008

National Camp


Alle som he gleda sej til National Camp i Tanga den 5. januar, maa nok belage seg paa ei overrasking eller to! Den e trulegvis flytta til (slikk paa peikefingeren og hald den opp i lufta) paasketide, og til eit vegkryss so heite (same prosedyre) Korogwe.

Men det betyr ikkje at eg og Helge ikkje hadde det kjekt paa workshopen og field tripen i, ja nettopp, Korogwe. Vi fekk sparke litt i graset paa fleire av markene dei har tenkt aa bruke, og vi har faatt besoekt fleire rektorar og forhandla om leiging av skulane deira. Ein av skulane hadde denne gilde inngongen til eine klasserommet (biletet over). Smeikje! E det noko dei ikkje er redde for her nede so er det aa profilere Herren, Gud eller Jesus. Bwana, Mungu ao Yesu! Spesielt dalladallaane (Matatu for resten av verda) har dette som gjennomgongstema. Kan nesten verke som ein slags tilfelle rottefelle-tenkjing.

Tre lovande ungfolar i CHRISC Tanzania-styret. Joseph, Phineous og Andrew. Eller Jonas, Finn og Roger som eg har doept dei i mitt eige hovud.


Her e mej og leiaren for CHRISC Tanzania. Aron, eller lompe, som det norske namnet hass e. Han skryte av det iallefall. Vaskeekte masai og greier. Likna ikkje i det heile tatt..

Ellers he vi det bra enda. He ikkje alltid like god rutine paa innkjoep av mat, noko som biletet skal proeve aa illustrere. Kanskje lettast aa skjoene for dei som var der, altso meg og Helge. Men iallefall, vi har hatt paafallande mange frukostsituasjonar der begge har tenkt inni seg; hmmmmm...WWJD, eller macgyver. Heldigvis har solsikkeolje og cashewnoette teke over for lommekniv og gaffateip.

torsdag 23. oktober 2008

Misoppfatningar av Tanzania


Hovudkontoret til CHRISC Tanzania, i si heilheit! For eit land med over 30 mill. innbyggjara, og kanskje enda fleire gnua! Eg staar i doeropninga og tek bilete.

Veldig lenge sidan sist no, og det er berre aa beklage! litt rift om internettilgongen paa kontoret, og vi har dessutan vore paa ein firedagars utflukt til delvis usjarmerande Korogwe! Vi har faatt sett og moett heile styret i CHRISC Tanzania, og i motsetning til paa Hald var eg og Helge av dei aller yngste i den forsamlinga!

Etter aa ha vore tilskodar og deltakar til livet i Tanzania i snart 3 veker no har eg gjort meg opp nokre tankar om kva eg hadde forventa naar eg kom ned:

Mat
Maten her er kjempegod! Og ikkje som min kjaere bror antyda, at det gaar i stekt ris og friterte fluge. Tysdag 21. oktober e foroevrig den offisielle dagen for daa ej droppa manera, og bestikk.

Trafikk
Eg tenkte at alle koeyrde som svin foer ej kom ned hit, dette stemmer ikkje heilt. Det er omtrent like mange som koeyrer skikkeleg seint her ogsaa. Dette foerer til at dalladalla og turbussar gjerne tilbringa like mykje tid i motsett koeyrefelt som i sitt eige, men alle er fullt klar over kva som er den rette sida. Dette hadde eg hoeyrt litt ymse om paa foerehand!

Mzungu
Eg hadde paa foerehand hoeyrt mykje om dette begrepet, men at dette var noko ein vart vant med etter kvart. Dette stemmer ikkje. For alle som ikkje er sikre paa kva mzungu betyr so er det eigentleg kiswahili for "europear", men vert brukt om alt som kan krype og gaa som ikkje ser ut som ein afrikanar. Det er omtrent som om dei lokale har ein slags bilbingo, berre med "europearar". Oftast naar eg gaar i gatene stoppar praten dei lokale seg i mellom akkurat lenge nok til at alle kan faa sagt det magiske ordet, og so fortsetje samtalen sin som om ingenting var hendt. Ei slags stadfesting av typen "Jassaa, du staar her og maler". Vert aldri vant til slikt!

Dans
Ellers tenkte eg at alle stod med trommer og dansa i gatene heile dagen lang, og dette stemmer heller ikkje. Men dette trur eg at eg har kome paa sjoel, og maa ikkje lastast paa nokon andre. Det viser seg i tillegg at alle paa CHRISC-kontoret foeler seg teite i dansesituasjonar! So mykje for lovnaden om afrikansk kurs i dans og tromme!

Ellers he ej det bra! Ej he overlevd all slags shabby tillaga/oppbevara mat, utallige kryssingar av trafikert veg, busstur med ein Allahbuss ifraa mellomkrigstida, og ja..Helge, sjoelv om det ikkje er ein stor kunst.

Bilete og soga om National Camp-workshop kjem snart/seinare/ein gong, african style!

lørdag 11. oktober 2008

Atle

Eg har i tillegg faatt meg eit eige kjaeledyr paa rommet mitt. Det er ein gekko som eg har doept Atle. Bilete, historier og fun facts om Atle kjem seinare!

I fraaver av live footage av Atle kjem eit bilete av Middagshornet vaart, Mt Meru. Det e det 4. hoegaste i Afrika eller naake sant. Sjekka ditte seinare.

African time

Kjempekjekt aa lese seg opp paa bloggane til alle andre, supert at alle ser ut til aa ha det bra!

Integreringa mot aa verte mindre muzungu gaar framover, iallefall for Helge. Etter ein kjapp opning av doera heime kom han til at i dag var det for kaldt for shorts!! Han om det..eg vil heller seie at det er ein over gjennomsnittleg sommardag paa Sunnmoere. Altso, godt bronze-ver!

I gaar tenkte eg at eg skulle lage pilau na mnyama. Resultatet vart vel ca 4 paa ein skala til 10, men som det norske landslaget skal eg kun ta med meg det positive ifraa kvar kamp/middag. Vi har faatt lovnadar ifraa Phineous, ein av vaare homeboyar paa chrisckontoret, at han skal laere oss aa lage ugali og chapati. Vurderar aa lage kokebok om det vert ein suksess. Kanskje det gaar under informasjonsarbeid..

Sit og kjenner paa African time no, daa vaar homeboy e 40 minutt for sein....and counting. Bra vi he blogg og facebook!

Mine heimegutar, Phineous og Helge!

Etter aa ha vore litt frampaa og braa i kjeften har Helge paateke oss aa synge/spele ein song i bryllaupet til Aron, CHRISC-sjefen her i TZ. Gaa gjerne inn paa bloggen til Helge og stem paa kva song vi skal synge!

Ellers: "Mamma, ej he det bra! Ej he sett opp mosquitonettet, koka drikkevatnet og oppvasken, ser meg for til hoegre og venstre i trafikken...og alt det der. Og ej vaska kleda mine for hand i gaar!"

torsdag 9. oktober 2008

Onkel reisande Mac


Jambo godtfolk! No har eg endeleg roa på meg til å skrive eit innlegg! Internett vart funne opp litt seint her i Tanzania, og dei er vel komne til modem-stadiet sann hastigheitsmessig. Dette gjer at både eg og Helge må tenke kreativt når det gjeld å oppdatere bloggane våre! Bilete av Arusha og Helge vil kome på sikt!

Ting har, på ein merkeleg måte, begynt å gå seg til her nede i Arusha. Det er ein sjarmerande plass! Folka på CHRISC-kontoret har nok å gjere med å svare på spørsmål frå oss, vise oss rundt og passe på at vi ikkje vert overkøyrde i trafikken. Eg kjenner eg gler meg veldig til den dagen vi klarer oss sjølve her!

Vi var på vår første CHRISC-trening på tysdag, og inntrykket etterpå er at desse karane leikar ikkje butikk! Det går stort sett i seriøse fotballøvelsar, med kjegler og trenar med fløyte. Fotballbana er hakket mindre profesjonell; det er eit jorde, vel å merke utan gras, med små haugar og tørrlagte elveleie. Målområdet spesielt er ein fest!

Det som kanskje er mest spesielt med Afrika so langt er at alt eg synest er rart er so naturleg for alle andre! At ei ku kom inn som høgreving på motstandarlaget mitt midtveis i CHRISC-treninga, eller at ein hane står og ser på oss igjennom vindauget midt i eit Strømme foundation general meeting ikkje vekkjer oppsikt, DET e rart det! Heldigvis har eg Helge med meg, som forøvrig innfrir alle forventninga!

Ellers so er minibussane/taxiane våre stappfulle her også, som ellers i verda=) I dag var det kun 15 i vår! LUKSUS!