mandag 27. oktober 2008

National Camp


Alle som he gleda sej til National Camp i Tanga den 5. januar, maa nok belage seg paa ei overrasking eller to! Den e trulegvis flytta til (slikk paa peikefingeren og hald den opp i lufta) paasketide, og til eit vegkryss so heite (same prosedyre) Korogwe.

Men det betyr ikkje at eg og Helge ikkje hadde det kjekt paa workshopen og field tripen i, ja nettopp, Korogwe. Vi fekk sparke litt i graset paa fleire av markene dei har tenkt aa bruke, og vi har faatt besoekt fleire rektorar og forhandla om leiging av skulane deira. Ein av skulane hadde denne gilde inngongen til eine klasserommet (biletet over). Smeikje! E det noko dei ikkje er redde for her nede so er det aa profilere Herren, Gud eller Jesus. Bwana, Mungu ao Yesu! Spesielt dalladallaane (Matatu for resten av verda) har dette som gjennomgongstema. Kan nesten verke som ein slags tilfelle rottefelle-tenkjing.

Tre lovande ungfolar i CHRISC Tanzania-styret. Joseph, Phineous og Andrew. Eller Jonas, Finn og Roger som eg har doept dei i mitt eige hovud.


Her e mej og leiaren for CHRISC Tanzania. Aron, eller lompe, som det norske namnet hass e. Han skryte av det iallefall. Vaskeekte masai og greier. Likna ikkje i det heile tatt..

Ellers he vi det bra enda. He ikkje alltid like god rutine paa innkjoep av mat, noko som biletet skal proeve aa illustrere. Kanskje lettast aa skjoene for dei som var der, altso meg og Helge. Men iallefall, vi har hatt paafallande mange frukostsituasjonar der begge har tenkt inni seg; hmmmmm...WWJD, eller macgyver. Heldigvis har solsikkeolje og cashewnoette teke over for lommekniv og gaffateip.

1 kommentar:

aasen sa...

Ovsneggje å få høyre, Henke! Ska kje ha national kamp i tidsromet 9. mars - 23 mars vel???