mandag 29. desember 2008

Internett, jul og ymse

Sitte paa ein internettkafe paa Zanzibar no, og kom plutseleg paa at eg har ein blogg som har staatt uroeyvd i snart ein maanad. Eg har tusen forklaringar men faa unnskuldingar, desverre. Men eg kan melde at eg har det veldig bra, har nesten ikkje flassa vekk brunheita i det heile teke og har slappa kraftig av i juleferia.

Sann av ting som ikkje er til aa slappe av av kan eg kort nemne at bungalowen vaar ifraa i dag av er dobbeltbooka, ingen minibankar paa oeya fungerar og at flyselskapet vi har bestilt billettar heim igjen til Arusha med har lagt ned like greitt. Hadde eg vore disponert for det hadde eg nok vore litt stressa, og i tillegg har atmosfaera paa Zanzibar starta aa smitte over paa meg, so det gaar nok bra.

Skal lage eit betre og meir interessant innlegg seinare naar eg kjem heim til Arusha og det superfast modeminternettet der.

Until then..God jul og godt nyttaar til alle ej ville ha trefft foer, etter og i jula og alle som faktisk les bloggen=)

torsdag 4. desember 2008

Best i byen


Forrige helg arrangerte CHRISC ei best-av-dei-beste-turnering. CHRISC her i Arusha arrangerar eit heilt ligasystem for ungar under 12, 14 og 16 aar, og det er heile 5 soner rundt om. Vinnarane av desse braka saman i ein "final battle" paa Arusha stadion, "theatre of dreams", og med to mzunguar med ei jokerrolle. Helge var ikkje heilt i form etter ein lang og fortruleg nattleg samtale med elgen Helge og hadde ingen spesielle rolle anna enn aa vere mzungo og joker. Eg, som ikkje skulle verte sjuk foer seinare paa kvelden denne dagen hadde det aerefulle og tyngande vervet aa vere vatnansvarleg. Svaere greier, og eg er glad eg har 4 aars universitetsutdanning som ballast for aa klare oppgaava.

Det var ein kjekk dag, og spesielt artig var det aa sjaa litt av arbeidet som CHRISC gjer. I dette tilfellet var det aa leike NFF.

Kven kan la vere aa la seg sjarmere av to staute karar i solbriller og kottisar?

Minnepinnen min

Etter mange halvhjarta forsoek, eller freistnadar, paa aa finne att minnepinnen min maatte eg bite i den sure sokken og kjoepe meg ein ny. Dette gjer at eg no kan faa vist litt bilete paa bloggen igjen. Det kan trengast, for bloggen min ser like naken og toerr ut som grovbroedet eg proevde aa lage her forleden utan dette visuelle krydderet.

Her for eit par veke sia, pluss eller minus litt, fekk vi som sagt besoek av Hoegtun fhs her i Arusha. Foerste dagen der hadde vi ein tur til maasailand for aa kike paa, ja nettopp, maasaiar og husa deira. Her kjem eit par bilete derifraa, litt forseinka.


Veldig sjarmerande unge med gedigen kopp, det siste biletet der. Mzunguar er tydelegvis ikkje spesielt tillitsvekkjande.

Seinare paa dagen skulle CHRISC spele kamp, og vi var kalla ut for aa sitje paa benken og verke avskrekkjande paa det andre laget. At dei syntest vi var mest fryktinngytande paa benken og ikkje paa bana tok vi oss ikkje naer av. Helge kom rett nok inn mot slutten som spiss, og gjorde ein fin figur som alltid.


Oppvarminga foer kamp er avogtil ein fest, og det er synd eg ikkje fekk vere med paa denne. Definitivt verdt aa ta med seg heim til Noreg!


lørdag 29. november 2008

Opprivande!


Venar og fiendar av filmklassikaren "Loevenes konge", vi er alle blitt lurt!

Foer eg forlot Hald var eg so freidig at eg foreslo at aa sjaa "Loevenes konge" maatte gaa som pensum for meg paa grunn av alle swahilinavna der. Eg kom hit ned til swahilitalande Tanzania i god tru om at eg var sann middels godt foerebudd iallefall, og starta tidleg aa briefe med ord som simba og anna. Nokre ord fekk imidlertid ikkje like god opslutning, men eg slo meg til ro med at det trulegvis berre var uttalemaaten eller uforutsette tilfeldigheiter som gjorde utslaget. No veit eg betre..

Den grovaste feilen er definitivt denne, at Mufasa skal bety "far". For aa vere heilt noeyaktig betyr det ingenting paa swahili, ikkje eingong i naerleiken! Sarabi, kviga til Mufasa, har heller ingen meining.

Og Nala, denne fagre ungmoeya som Simba tek til slutt, skulle eigentleg bety "gaave". Det betyr det slett ikkje, for det betyr rett ut: "eg et" eller "i'm eating" paa engelsk. Sjarmerande.

Paa plussida kan eg nevne at fy-orda pumbaa og shenzi er korrekte, og eg har allereie slengt dei ut til uaerlege konduktoera paa dalladallaen (matatu, silditoenneminibuss). Stjernetreff!

Til slutt kan eg advare med ein gong mot aa kalle nokon jente paa fotballbana, uansett om personen filma eller dette lett. Det laga ganske stort leven og kreve aereopprettande hevnaksjona.

Spraak e vanskeleg, maaten aa kommunisere paa enda vanskelegare=)

onsdag 19. november 2008

Getaway in Arusha

Her forleden dag skjedde det noko veldig pussig. Bakteppet for det heile er at Høgtun fhs er på besøk med CHRISC i Arusha og ventar på at bussen deira skal kome. Eg og Helge, samt ein jovial local so kan norsk og heite Joseph, sitte på bussen som er på veg til hotellet deira. So lang, so bra. Vi parkerar utanfor hotellet, framleis alt vel. Men herifrå og ut skjere det seg.

Sett ifrå vår ståstad skjer dette: Bussjåføren får plutseleg makk i baken og ein vill trong til å forlate åstaden. Dette gjer han òg, på ein dristig måte. Han ryggar bussen ut i vegen, som inneheld ei stor mengde bilar på veg til og frå byen, med ein aktiv brøytestil. Vi høyrer skrens og tuting, men har veldig begrensa sikt bakover og kan ikkje vere sikker på kva som skjer. Det kan heller ikkje bussjåføren.

So startar han å køyre framover, og her tek for alvor galskapen tak. Bussjåføren, heretter kalla Jogeir, veit at det ligg eit trafikert kryss framføre oss og tek affære. Han svingar inn på ein bensinstasjon, er like ved å meie ned 3-4 fotgjengarar, svingar inn mellom to bensinpumper i 40 km/t og 3-4 nye fotgjengarar får klump i halsen idet vi køyrer ut på ein ny veg. Av frykt for regntid og liknande er det fullt av omvendtfartshumpar i gatene her, men bussjåføren stolar blindt på demparane til bussen. I notid og spesielt ettertid er dette ein ufortent tillit til bussen.

I neste kryss er det uheldigvis, for dei andre bilane, kø. Men i kraft av stor fart og ståpåvilje klarer Jogeir å snike seg igjennom kryssande kø via feil køyrefelt og er iferd med å faktisk kome inn på rett side av vegen. Det han ikkje tenkte på var at det kunne kome bilar ifrå den lovelege retninga. Vi høyrer ein slags "krasj-skrens"-lyd og vill tuting, men dette får på ingen måte Jogeir til å roe ned eller stoppe opp. Oppmuntra av fri passasje rett framover gir han heller litt ekstra gass igjennom bygatene.

Etter ein hasardiøs 90-gradar, via ei over gjennomsnittleg stor dike i vegen, kjem vi inn på ein moldgate. Ca 100 meter inn denne forsømte gata, med mange folk og med altfor stor fart, bråbremsar vi. Jogeir hiv oss ut og forsvinn i det fjerne. Attende er ei stor støvsky og spørsmålsteikn.

Heldigvis kunne ein skrattlattermild Joseph forklare kva som eigentleg hende. Det viser seg at utanfor hotellet stod ein tilsett i noko som likna biltilsynet og inspiserte bussen. Då bussjåføren vart gjort oppmerksam på at han hadde forsømt både avgifter og anna bestemte han seg for å sleppe unna den komande bota med å forlate åstaden på ein hurtig måte.

Til alt hell hadde Jogeir ikkje gløymt avtalen med oss, og etter ei stund kom han tilbake med ein anna buss, bestebussen, som han faktisk hadde betalt avgifter på og som var registrert for omtrent so mange som vi var.

Er etter dette ekstra forsiktig med å krysse vegen når eg ser ein buss i nærleiken!

tirsdag 11. november 2008

Fix you - Ordne

For spesielt interesserte kan eg legge ut teksta paa songen vi song i bryllaupet. Det e ein gammal slager av Coldplay so heite Fix you, delvis stramt og delvis laust omsett til konservativ nynorsk.


Ordne
av The Wedding Singers

Naar du freistar som best men lukkast ei
Naar du faar det du spoer, men ei det du boer
Naar du er so troeytt, men du faar ikkje ro
Fastlaast i raesargir

Og naar taarene stroeymer nedover ditt andlet
Naar du misser noko du aldri finn att
Naar du elskar nokon men det vil seg ei
Kan det bli verre?

Refr:
Ljos vil rettleie deg heim
Og antenne dine eigne bein
Og eg skal freista aa ordne

Over hoegaste fjell og djupaste dal
Naar du er so forelska til aa oversjaa
Men om du aldri freistar vil du aldri vita
Kva du er verdt

Refr:

Bridge: (eit fantastisk mellomspel av Helge)

Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Naar du misser noko du aldri finn att
Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Og eg

Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Eg lovar det eg har laert av mine mistak
Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Og eg

Refr: (Mjukt og fagert)

The wedding singers


Bryllaup e kjempekjekt, ogsaa i Afrika kan ej konstatere etter denne helga. Laurdag 08. gifta Aron, sjefen vaar paa chrisc-kontoret, seg og vi var inviterte. Ikkje nok med det, Helge hadde i tillegg invitert oss til aa synge i bryllaupet. Vi hadde laga til eit svaert nummer med keyboard med rytmeboks, melodikasolo og fleirstemt refreng. Men so gjekk straumen ein halvtime foer vielsen starta! (Det vil seie ca ein time etter det som stod paa innbydelsen)
Loeysingsorienterte som vi er fann vi det best aa la Helge gjere tingen sin paa melodika, og eg song av full hals heile songen aleine.

Dei som kjenner oss vil vel ikkje verte overraska over at innslaget vi hadde planlagt hadde eit snev av nachspiel og userioesitet over seg, slett ikkje nedtona av den nysydde maasaidressen min. Noelinga var difor stor daa vi vart kalla fram rett foer vielsesseremonien skulle starte for aa framfoere. Kanskje var Aron sin tanke og vaar tanke for innslaget ikkje heilt lik?
I ettertid ser eg at dette kan fort stemme, men vi har enno ikkje hoeyrt nokre sure miner (eller saerleg skryt for den del) Men vi fekk heldigvis mange "Thank you for singing", so heilt feil kan det ikkje ha vore.
Laerdomen e at med maasaidress verte det aldri feil!

Her e ej og svigerfedre og andre mzee's. (Helge sitt bilete)


Eit av dei meir artige tinga med bryllaupet er denne gjengen her, eit ekte og feiande flott brass band. Dei koeyrde paa heile dagen og kvelden igjennom i tide og utide, og gjorde seg meir enn fortent til loenna si. I tillegg drog dei ei 15 sekunds strofe kvar gong nokon sa noko bra i kyrkja. Litt som ein veldig eskalert hi-hat (badom-tsjj) kvar gong nokon vitsar. Trur det naeraste eg kjem for aa beskrive det er aa henvise til flaaklypafilmen og det blaaseorkesteret dei har der.


Festen etterpaa var heilt sjef, og eg er veldig glad Helge og ein misjonaer som heiter Per Ove var med aa oppleve det. Ken skulle eg veksla blikk, glede og latter med viss ikkje?! Vi kan vel seie at vi har faatt vaar del bongo flava love songs og "Nakupenda" (I love you), og kanskje ogsaa brassmusikk. Av snodige, men artige, ting var kanskje dette det kulaste: Den tradisjonsrike heilstekte bryllaupsgeita som brudeparet mata til seg sjoelv og naer familie.


Eg og Helge fekk i tillegg aera av aa opne ei flaske sjampis kvar og servere til svigers, til stor jubel og aatgaum (lokalt og omstridt ord, oftast brukt om staahei).


Ein heilt kjempekjekk dag til, ka e oddsa?

Svipptur

Som kanskje lesarar av Helge sin blogg har faatt med seg so har vi vore ein rask tur til Haydom sjukehus inni bushen, eller Little Norway som det kanskje burde heitt.


Vi fekk paa tilfeldig vis snike oss med eit lite fly og ein hoeg pilot so heitte Eivind, og berre flyturen til va definitivt verdt turen. Her sjekka pilot Eivind at det ikkje har kome antiloper i luftinntaket.


Haydom fekk vi jogga oss nesten igjennom, akkompagnert av lab technician Nikodemus, eller Oddgeir som eg heller vil kalle han. Som biletet viser hadde Helge ikkje ein gong tid til aa sjaa i kamera.


Rett foer vi skulle til aa ta av heim att vart vi overraska av eit styrtregn som berre Afrika eller Bergen kan frambringe. Etter kvart vaage pilot Eivind seg ut for aa sjekke og sparke litt i flystripa og jage vekk kyrne som hadde forvilla seg dit. Som vi ser har vi relativt mykje ver paa ein gong.


Det heile var kjempekjekt, og det la heller ingen dempar paa opplevinga at vi flaug veldig lavt paa heimturen grunna turbulens. Ein kunne nesten sjaa hola i tenna paa maasaiane som jogga rundt paa savanna under oss!

torsdag 30. oktober 2008

Nytt land, blanke ark

Kanskje har du hoeyrt om det gode forslaget til Oeyvin om adventsbart? Det har iallefall eg og Helge, og er relativt motiverte.
Vi tenkte litt igjennom dette her ein morgon ved frukostbordet og kom fram til at vi har tenkt aa ta det eitt steg lenger. Ja, det stemmer, og det startar allereie i morgon med "November-kottis".

Eg oppfordrar alle, menn som kvinner, om aa delta i konkurransa. Deltaking er alfa og omega, og det vil kun bli delt ut stilpoeng og ikkje for veksten (for dei som maatte bekymre seg for det).

Ta kontakt og sei ifraa at du er med, verda treng fleire kinnskjegg!

Dalladalla (Matatu)

I gaar sette eg og Helge og 29 andre personar ny person(leg) rekord i tettpakka dalladalla! Fleire som he rekorda paa ditte? Verte berre glad om naaken slaar vaar rekord eigentleg, for det e naake alle boer oppleve ein gong=) "Solenge det e plass til ei flaske vatn i van-en ekje det fullt"(omsett sitat ifraa Phineous paa CHRISC-kontoret)

mandag 27. oktober 2008

National Camp


Alle som he gleda sej til National Camp i Tanga den 5. januar, maa nok belage seg paa ei overrasking eller to! Den e trulegvis flytta til (slikk paa peikefingeren og hald den opp i lufta) paasketide, og til eit vegkryss so heite (same prosedyre) Korogwe.

Men det betyr ikkje at eg og Helge ikkje hadde det kjekt paa workshopen og field tripen i, ja nettopp, Korogwe. Vi fekk sparke litt i graset paa fleire av markene dei har tenkt aa bruke, og vi har faatt besoekt fleire rektorar og forhandla om leiging av skulane deira. Ein av skulane hadde denne gilde inngongen til eine klasserommet (biletet over). Smeikje! E det noko dei ikkje er redde for her nede so er det aa profilere Herren, Gud eller Jesus. Bwana, Mungu ao Yesu! Spesielt dalladallaane (Matatu for resten av verda) har dette som gjennomgongstema. Kan nesten verke som ein slags tilfelle rottefelle-tenkjing.

Tre lovande ungfolar i CHRISC Tanzania-styret. Joseph, Phineous og Andrew. Eller Jonas, Finn og Roger som eg har doept dei i mitt eige hovud.


Her e mej og leiaren for CHRISC Tanzania. Aron, eller lompe, som det norske namnet hass e. Han skryte av det iallefall. Vaskeekte masai og greier. Likna ikkje i det heile tatt..

Ellers he vi det bra enda. He ikkje alltid like god rutine paa innkjoep av mat, noko som biletet skal proeve aa illustrere. Kanskje lettast aa skjoene for dei som var der, altso meg og Helge. Men iallefall, vi har hatt paafallande mange frukostsituasjonar der begge har tenkt inni seg; hmmmmm...WWJD, eller macgyver. Heldigvis har solsikkeolje og cashewnoette teke over for lommekniv og gaffateip.

torsdag 23. oktober 2008

Misoppfatningar av Tanzania


Hovudkontoret til CHRISC Tanzania, i si heilheit! For eit land med over 30 mill. innbyggjara, og kanskje enda fleire gnua! Eg staar i doeropninga og tek bilete.

Veldig lenge sidan sist no, og det er berre aa beklage! litt rift om internettilgongen paa kontoret, og vi har dessutan vore paa ein firedagars utflukt til delvis usjarmerande Korogwe! Vi har faatt sett og moett heile styret i CHRISC Tanzania, og i motsetning til paa Hald var eg og Helge av dei aller yngste i den forsamlinga!

Etter aa ha vore tilskodar og deltakar til livet i Tanzania i snart 3 veker no har eg gjort meg opp nokre tankar om kva eg hadde forventa naar eg kom ned:

Mat
Maten her er kjempegod! Og ikkje som min kjaere bror antyda, at det gaar i stekt ris og friterte fluge. Tysdag 21. oktober e foroevrig den offisielle dagen for daa ej droppa manera, og bestikk.

Trafikk
Eg tenkte at alle koeyrde som svin foer ej kom ned hit, dette stemmer ikkje heilt. Det er omtrent like mange som koeyrer skikkeleg seint her ogsaa. Dette foerer til at dalladalla og turbussar gjerne tilbringa like mykje tid i motsett koeyrefelt som i sitt eige, men alle er fullt klar over kva som er den rette sida. Dette hadde eg hoeyrt litt ymse om paa foerehand!

Mzungu
Eg hadde paa foerehand hoeyrt mykje om dette begrepet, men at dette var noko ein vart vant med etter kvart. Dette stemmer ikkje. For alle som ikkje er sikre paa kva mzungu betyr so er det eigentleg kiswahili for "europear", men vert brukt om alt som kan krype og gaa som ikkje ser ut som ein afrikanar. Det er omtrent som om dei lokale har ein slags bilbingo, berre med "europearar". Oftast naar eg gaar i gatene stoppar praten dei lokale seg i mellom akkurat lenge nok til at alle kan faa sagt det magiske ordet, og so fortsetje samtalen sin som om ingenting var hendt. Ei slags stadfesting av typen "Jassaa, du staar her og maler". Vert aldri vant til slikt!

Dans
Ellers tenkte eg at alle stod med trommer og dansa i gatene heile dagen lang, og dette stemmer heller ikkje. Men dette trur eg at eg har kome paa sjoel, og maa ikkje lastast paa nokon andre. Det viser seg i tillegg at alle paa CHRISC-kontoret foeler seg teite i dansesituasjonar! So mykje for lovnaden om afrikansk kurs i dans og tromme!

Ellers he ej det bra! Ej he overlevd all slags shabby tillaga/oppbevara mat, utallige kryssingar av trafikert veg, busstur med ein Allahbuss ifraa mellomkrigstida, og ja..Helge, sjoelv om det ikkje er ein stor kunst.

Bilete og soga om National Camp-workshop kjem snart/seinare/ein gong, african style!

lørdag 11. oktober 2008

Atle

Eg har i tillegg faatt meg eit eige kjaeledyr paa rommet mitt. Det er ein gekko som eg har doept Atle. Bilete, historier og fun facts om Atle kjem seinare!

I fraaver av live footage av Atle kjem eit bilete av Middagshornet vaart, Mt Meru. Det e det 4. hoegaste i Afrika eller naake sant. Sjekka ditte seinare.

African time

Kjempekjekt aa lese seg opp paa bloggane til alle andre, supert at alle ser ut til aa ha det bra!

Integreringa mot aa verte mindre muzungu gaar framover, iallefall for Helge. Etter ein kjapp opning av doera heime kom han til at i dag var det for kaldt for shorts!! Han om det..eg vil heller seie at det er ein over gjennomsnittleg sommardag paa Sunnmoere. Altso, godt bronze-ver!

I gaar tenkte eg at eg skulle lage pilau na mnyama. Resultatet vart vel ca 4 paa ein skala til 10, men som det norske landslaget skal eg kun ta med meg det positive ifraa kvar kamp/middag. Vi har faatt lovnadar ifraa Phineous, ein av vaare homeboyar paa chrisckontoret, at han skal laere oss aa lage ugali og chapati. Vurderar aa lage kokebok om det vert ein suksess. Kanskje det gaar under informasjonsarbeid..

Sit og kjenner paa African time no, daa vaar homeboy e 40 minutt for sein....and counting. Bra vi he blogg og facebook!

Mine heimegutar, Phineous og Helge!

Etter aa ha vore litt frampaa og braa i kjeften har Helge paateke oss aa synge/spele ein song i bryllaupet til Aron, CHRISC-sjefen her i TZ. Gaa gjerne inn paa bloggen til Helge og stem paa kva song vi skal synge!

Ellers: "Mamma, ej he det bra! Ej he sett opp mosquitonettet, koka drikkevatnet og oppvasken, ser meg for til hoegre og venstre i trafikken...og alt det der. Og ej vaska kleda mine for hand i gaar!"

torsdag 9. oktober 2008

Onkel reisande Mac


Jambo godtfolk! No har eg endeleg roa på meg til å skrive eit innlegg! Internett vart funne opp litt seint her i Tanzania, og dei er vel komne til modem-stadiet sann hastigheitsmessig. Dette gjer at både eg og Helge må tenke kreativt når det gjeld å oppdatere bloggane våre! Bilete av Arusha og Helge vil kome på sikt!

Ting har, på ein merkeleg måte, begynt å gå seg til her nede i Arusha. Det er ein sjarmerande plass! Folka på CHRISC-kontoret har nok å gjere med å svare på spørsmål frå oss, vise oss rundt og passe på at vi ikkje vert overkøyrde i trafikken. Eg kjenner eg gler meg veldig til den dagen vi klarer oss sjølve her!

Vi var på vår første CHRISC-trening på tysdag, og inntrykket etterpå er at desse karane leikar ikkje butikk! Det går stort sett i seriøse fotballøvelsar, med kjegler og trenar med fløyte. Fotballbana er hakket mindre profesjonell; det er eit jorde, vel å merke utan gras, med små haugar og tørrlagte elveleie. Målområdet spesielt er ein fest!

Det som kanskje er mest spesielt med Afrika so langt er at alt eg synest er rart er so naturleg for alle andre! At ei ku kom inn som høgreving på motstandarlaget mitt midtveis i CHRISC-treninga, eller at ein hane står og ser på oss igjennom vindauget midt i eit Strømme foundation general meeting ikkje vekkjer oppsikt, DET e rart det! Heldigvis har eg Helge med meg, som forøvrig innfrir alle forventninga!

Ellers so er minibussane/taxiane våre stappfulle her også, som ellers i verda=) I dag var det kun 15 i vår! LUKSUS!

fredag 12. september 2008

Ein litt uvanleg dag

Førre laurdag var det ein heilt grei føremiddag, og kanskje litt lite å gjere. På ettermiddagen derimot var det duka for bursdagsselskap for Eirik og Nils, og eg gledde meg storleg. Når folk starta å pynte i peisestova til festen tenkte eg at då kan eg like godt rekke ein dusj og kome nystrigla og pæne til selskapet starta, men den gong ei! Når eg kom tilbake var festen over, og det var heller ikkje meir kake igjen...kjempeskuff! Det at Noreg ikkje varta opp med festfotball på tv gjorde også sitt til at denne ellers ok laurdagen ville forbli nettopp det. Men slik skulle det altso ikkje gå...

[kunstpause]

Tydelegvis var brasilianarane våre i det rastlause hjørnet denne kvelden, og sette på local sambasalsadancemusic. I ein fei vart bord og stolar hivne ut av vegen, og sambaen kunne starte. Det heile vart kjempekjekt, og bootyshaken varte i fleire timar. Deretter drog vi ut på ein nyopna "Berserk bar og scene" i Mandal for å fortsetje kvelden. Det tok blankt av, delvis fordi Berserk bar og scene er det aller aller mest harry eg har sett i tillegg til at 20 sambaklare Haldstudentar ikkje brydde seg om dette!



Og at vi traff sjølvaste Kjartan Salvesen på den lokale burgersjappa etterpå gjorde berre kvelden komplett!
Eit fåtal bilete av kvelden kan skodast her.

lørdag 6. september 2008

Ein heilt vanleg dag



Roa har seinka seg over Hald, og dei daglege rutinene har blitt stort sett innarbeida. Det består stort sett av mat, skule, volley, line, trening. Allikevel er det overraskande mykje tid attende til slækking og dagdriving=) Bilete ifrå herligheita kan skodast her.

mandag 25. august 2008



No e ej trygt plassert på Hald Internasjonale senter i Mandal, kun 20 meter ifrå E39. Flott å ha noko heimekjært i nærleiken!

Har snart vore her i 2 veker, og det skjer MYKJE og mykje KJEKT kvar dag! Undervisninga går ut på å førebu oss til utanlandsopphald, å få til eit godt team og ellers litt generelle ting. Eksempel på undervisningstema er innføring i temaet fattigdom og bistand, fair trade, leiarskap osb..
Alle på skulen her er flotte folk, med engasjement og ein positivitet som merkast på miljøet! Utanlandsstudentane som er her set òg farge på miljøet, på alle måtar.

Eg har ikkje kome i gong med å ta bilete skikkeleg enno, men fekk teke nokre no i helga, då vi hadde ei slags lagbyggjingshelg, eller teambuilding weekend som det helst går i her på skulen. Bileta kan skodast nærare på her.

SO får vi håpe at bloggen lagar seg sjølv herifrå!

torsdag 3. juli 2008

Bloggfeme

Det kan verke som om bloggen min berre e eit blaff, og sannheita e vel nært beslekta også. Unngjekk heldigvis 1 mnd utan innlegg, det hadde vore kroken på døra..

Fråver av blogg betyr at det e meir enn nok ikkje-data-aktivitetar å gjere på, som i dag. Volleyball i sol, OG VARME! Heilt samstundes! Heile dagen he vore eit kodak-øyeblikk, eller augneblunk alt ettersom.






fredag 6. juni 2008

Avskjedar

Fole trist å skulle reise vekk ifrå Bart City, når det innebere å ikkje få sjå mange gode venar på lenge! Prøva å rekke over so mange so ej klare, men det e rett og slett for mange kjekke folk her=)

I kveld va det rett koseleg, med grilling og stas. For ein gongs skuld ekje Johannes med på bilete, sjøl om han va tilstades. Det same gjeld Olav.

Bileta bere preg av min fascinasjon av at ananas på fantastisk vis kan serverast i bitar i seg sjøl! Heilt fantastisk=)



fredag 30. mai 2008

Livets glade daga

Rare greier, bloggen skrive sej visst ikkje sjøl. Men sann verte det når sola skine ute og laptopbatteriet e lavpris; lite pc-vimsing og bloggoppdatering. Men ka ska ein gjere når der e so mykje anna enn skule å ta sej til!

Nyt livet meda sola enda e her!

lørdag 24. mai 2008

Segltur


Segltur...ekje meir å sei om det..anna enn at bileta mine e her.

torsdag 22. mai 2008

Britisk aften

Jeje, nesten champions leaguesiger. Synd, trist leit, og so e det over. Det vart allikevel ein knallkveld, der vi prøvde å lage litt engelsk atmosfære rundt kampen!
Takk til Hans Jakob for sårt trengande stønad, og til Eirik so ikkje hoverte=)

Biletet e ifrå pausa, då det stod 1-1

onsdag 21. mai 2008

Som Rune Rudberg for Se og Hør

Johannes he påpeikt at han e minst like profilert på bloggen som mej. Dei siste dagane he vore litt stille med tanke på bilete av han, og han he gitt uttrykk for dette. Difor tek ej konsekvensen av det og publisera eit "arkivfoto" eller tre av gullguten vår (i gullgut so meina ej Per også)!



søndag 18. mai 2008

17. mai



17. mai va, som vanleg, alvorleg kjekk! Ej merka ej verte meir og meir tradisjonsrik kvart einaste år, og like sur dei gongane vi tape tautrekkinga på slutten av dagen!
Kort oppsummert; Gode vener, godt ver, god mat, dame i bunad!, finfin fest på Berg prestegard!
Ekje meir å sei om det..

Bileta vart fine, og dei kan skodast nærare her.

onsdag 14. mai 2008

Feitekvelds!

Etter den "strabasiøse" 13-2-siger i bedriftsseria her forleden dag vart det omelettkvelds med Britt! I tillegg fekk vi prøve ut den nye feitedrakta dei hadde fått i hus, og det stod av seg! Ekslusivt fotomateriale e no tilgjengeleg rett under her:

mandag 12. mai 2008

Frihelg!

Som ein konsekvens av at ej e ferdig med halvparten av faga mine i år allereie, so vart dinne helga heilt utan skule!
Fredag:
- levert prosjekt (sjå innlegg under)
- grilling i Korsvika






Laurdag:
- ut i hagen heile dagen, kun iført gitar og shorts, med Gjermund og Per som selskap
- Performanceopptreden med mannsforeininga i utdrikningslaget til Marie (Bilete frå Anders)
- Mannekveld med halve Frodig, James Bond og Discovery Channel!


Sundag:
- Finfin fotballøkt
- Middag med Per, Siv og Synneva (uttalast Zonva), is/kaffi, is/kake/kaffi, Frikyrkjemøte med Asbjørn Johansen, vafle/kake/kaffi!