tirsdag 11. november 2008

Svipptur

Som kanskje lesarar av Helge sin blogg har faatt med seg so har vi vore ein rask tur til Haydom sjukehus inni bushen, eller Little Norway som det kanskje burde heitt.


Vi fekk paa tilfeldig vis snike oss med eit lite fly og ein hoeg pilot so heitte Eivind, og berre flyturen til va definitivt verdt turen. Her sjekka pilot Eivind at det ikkje har kome antiloper i luftinntaket.


Haydom fekk vi jogga oss nesten igjennom, akkompagnert av lab technician Nikodemus, eller Oddgeir som eg heller vil kalle han. Som biletet viser hadde Helge ikkje ein gong tid til aa sjaa i kamera.


Rett foer vi skulle til aa ta av heim att vart vi overraska av eit styrtregn som berre Afrika eller Bergen kan frambringe. Etter kvart vaage pilot Eivind seg ut for aa sjekke og sparke litt i flystripa og jage vekk kyrne som hadde forvilla seg dit. Som vi ser har vi relativt mykje ver paa ein gong.


Det heile var kjempekjekt, og det la heller ingen dempar paa opplevinga at vi flaug veldig lavt paa heimturen grunna turbulens. Ein kunne nesten sjaa hola i tenna paa maasaiane som jogga rundt paa savanna under oss!

Ingen kommentarer: