torsdag 4. desember 2008

Minnepinnen min

Etter mange halvhjarta forsoek, eller freistnadar, paa aa finne att minnepinnen min maatte eg bite i den sure sokken og kjoepe meg ein ny. Dette gjer at eg no kan faa vist litt bilete paa bloggen igjen. Det kan trengast, for bloggen min ser like naken og toerr ut som grovbroedet eg proevde aa lage her forleden utan dette visuelle krydderet.

Her for eit par veke sia, pluss eller minus litt, fekk vi som sagt besoek av Hoegtun fhs her i Arusha. Foerste dagen der hadde vi ein tur til maasailand for aa kike paa, ja nettopp, maasaiar og husa deira. Her kjem eit par bilete derifraa, litt forseinka.


Veldig sjarmerande unge med gedigen kopp, det siste biletet der. Mzunguar er tydelegvis ikkje spesielt tillitsvekkjande.

Seinare paa dagen skulle CHRISC spele kamp, og vi var kalla ut for aa sitje paa benken og verke avskrekkjande paa det andre laget. At dei syntest vi var mest fryktinngytande paa benken og ikkje paa bana tok vi oss ikkje naer av. Helge kom rett nok inn mot slutten som spiss, og gjorde ein fin figur som alltid.


Oppvarminga foer kamp er avogtil ein fest, og det er synd eg ikkje fekk vere med paa denne. Definitivt verdt aa ta med seg heim til Noreg!


Ingen kommentarer: