mandag 29. desember 2008

Internett, jul og ymse

Sitte paa ein internettkafe paa Zanzibar no, og kom plutseleg paa at eg har ein blogg som har staatt uroeyvd i snart ein maanad. Eg har tusen forklaringar men faa unnskuldingar, desverre. Men eg kan melde at eg har det veldig bra, har nesten ikkje flassa vekk brunheita i det heile teke og har slappa kraftig av i juleferia.

Sann av ting som ikkje er til aa slappe av av kan eg kort nemne at bungalowen vaar ifraa i dag av er dobbeltbooka, ingen minibankar paa oeya fungerar og at flyselskapet vi har bestilt billettar heim igjen til Arusha med har lagt ned like greitt. Hadde eg vore disponert for det hadde eg nok vore litt stressa, og i tillegg har atmosfaera paa Zanzibar starta aa smitte over paa meg, so det gaar nok bra.

Skal lage eit betre og meir interessant innlegg seinare naar eg kjem heim til Arusha og det superfast modeminternettet der.

Until then..God jul og godt nyttaar til alle ej ville ha trefft foer, etter og i jula og alle som faktisk les bloggen=)

Ingen kommentarer: