fredag 12. september 2008

Ein litt uvanleg dag

Førre laurdag var det ein heilt grei føremiddag, og kanskje litt lite å gjere. På ettermiddagen derimot var det duka for bursdagsselskap for Eirik og Nils, og eg gledde meg storleg. Når folk starta å pynte i peisestova til festen tenkte eg at då kan eg like godt rekke ein dusj og kome nystrigla og pæne til selskapet starta, men den gong ei! Når eg kom tilbake var festen over, og det var heller ikkje meir kake igjen...kjempeskuff! Det at Noreg ikkje varta opp med festfotball på tv gjorde også sitt til at denne ellers ok laurdagen ville forbli nettopp det. Men slik skulle det altso ikkje gå...

[kunstpause]

Tydelegvis var brasilianarane våre i det rastlause hjørnet denne kvelden, og sette på local sambasalsadancemusic. I ein fei vart bord og stolar hivne ut av vegen, og sambaen kunne starte. Det heile vart kjempekjekt, og bootyshaken varte i fleire timar. Deretter drog vi ut på ein nyopna "Berserk bar og scene" i Mandal for å fortsetje kvelden. Det tok blankt av, delvis fordi Berserk bar og scene er det aller aller mest harry eg har sett i tillegg til at 20 sambaklare Haldstudentar ikkje brydde seg om dette!



Og at vi traff sjølvaste Kjartan Salvesen på den lokale burgersjappa etterpå gjorde berre kvelden komplett!
Eit fåtal bilete av kvelden kan skodast her.

lørdag 6. september 2008

Ein heilt vanleg dag



Roa har seinka seg over Hald, og dei daglege rutinene har blitt stort sett innarbeida. Det består stort sett av mat, skule, volley, line, trening. Allikevel er det overraskande mykje tid attende til slækking og dagdriving=) Bilete ifrå herligheita kan skodast her.

mandag 25. august 2008



No e ej trygt plassert på Hald Internasjonale senter i Mandal, kun 20 meter ifrå E39. Flott å ha noko heimekjært i nærleiken!

Har snart vore her i 2 veker, og det skjer MYKJE og mykje KJEKT kvar dag! Undervisninga går ut på å førebu oss til utanlandsopphald, å få til eit godt team og ellers litt generelle ting. Eksempel på undervisningstema er innføring i temaet fattigdom og bistand, fair trade, leiarskap osb..
Alle på skulen her er flotte folk, med engasjement og ein positivitet som merkast på miljøet! Utanlandsstudentane som er her set òg farge på miljøet, på alle måtar.

Eg har ikkje kome i gong med å ta bilete skikkeleg enno, men fekk teke nokre no i helga, då vi hadde ei slags lagbyggjingshelg, eller teambuilding weekend som det helst går i her på skulen. Bileta kan skodast nærare på her.

SO får vi håpe at bloggen lagar seg sjølv herifrå!

torsdag 3. juli 2008

Bloggfeme

Det kan verke som om bloggen min berre e eit blaff, og sannheita e vel nært beslekta også. Unngjekk heldigvis 1 mnd utan innlegg, det hadde vore kroken på døra..

Fråver av blogg betyr at det e meir enn nok ikkje-data-aktivitetar å gjere på, som i dag. Volleyball i sol, OG VARME! Heilt samstundes! Heile dagen he vore eit kodak-øyeblikk, eller augneblunk alt ettersom.






fredag 6. juni 2008

Avskjedar

Fole trist å skulle reise vekk ifrå Bart City, når det innebere å ikkje få sjå mange gode venar på lenge! Prøva å rekke over so mange so ej klare, men det e rett og slett for mange kjekke folk her=)

I kveld va det rett koseleg, med grilling og stas. For ein gongs skuld ekje Johannes med på bilete, sjøl om han va tilstades. Det same gjeld Olav.

Bileta bere preg av min fascinasjon av at ananas på fantastisk vis kan serverast i bitar i seg sjøl! Heilt fantastisk=)



fredag 30. mai 2008

Livets glade daga

Rare greier, bloggen skrive sej visst ikkje sjøl. Men sann verte det når sola skine ute og laptopbatteriet e lavpris; lite pc-vimsing og bloggoppdatering. Men ka ska ein gjere når der e so mykje anna enn skule å ta sej til!

Nyt livet meda sola enda e her!

lørdag 24. mai 2008

Segltur


Segltur...ekje meir å sei om det..anna enn at bileta mine e her.