onsdag 18. mars 2009

Familie og gnu (Safari)

I tillegg til å sjå igjen meg var familia lystne på å sjå kva dette med safari eigentleg var. Vi sala difor opp og reiste til Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara på ein 3-dagars safari. Eg, mamma og pappa, lisjebror Torstein og Helgu. Etter ei lengre prisrunde enda valet på Sunny Safaris, noko som ikkje skulle verte eit heilt problemfritt val ser eg i ettertid.


Og ja, eg og pappa kjøpte oss like cowboyhattar. Because we're worth it.

Litt forseinka kom vi oss i gong, og snart var vi på full fart mot første stopp, Tarangire nasjonalpark. Parken var ein fantastisk stad, med fantastisk natur og mange dyr. Etter kvart slutta vi å stoppe kvar gong vi såg elefantar, og dette har eg ikkje opplevd sidan.


Andre, derimot, hadde ikkje anna val enn å stoppe.

Det var rett nok ikkje heilt tomt for folk i nasjonalparken, men etter kvart vart vi vande med synet av aldrande tyske safarituristar. Her eit klassisk eksempel.


Same ettermiddag skulle vi transportere oss til Karatu, ein ingenmannslandsby som har den fordelen at den ligg stort sett mellom dei fleste nasjonalparkane. I tillegg kan ein få tak i raud banan. Fiffig. På veg dit gjekk det imidlertid skeis for safaribilen vår, foerst ved ei punktering og deretter ein pitstopp etter nokre massive motbakkar for å fylle på meir vatn og kjoele ned motoren. Jekken som fulgte med bilen var av det rustne slaget, og sjåfoeren måtte melde pass på å senke bilen ned att etter dekkskiftet=) Dette kom imidlertid som bestilt for han pappa, som ser på ferie utelukkande som ein sjanse til å gjere annleis arbeid. å fikse jekken var kanskje det artigaste han gjorde den dagen=)


På Bougainvillea Lodge fekk vi god oppvarting med mangerettars middag, men litt surt var det at toget var gått for bading i bassenget og å få massasje. Neste dag stod vi iallefall meir eller mindre klar for nye opplevingar i Ngorongorokrateret. Dette var fine greier, og hoegdepunktet var nok for min del då vi snubla over to gepardar som låg og dreiv dank etter eit tydelegvis stort måltid. Bortsett frå gnu, sjoelvsagt, må nok gepard vere det mest fascinerande dyret i Afrika. Ellers såg vi mange dyr og turistar.


Meg og lisjegullet til familia på toppen av kraterkanten foer vi koeyrer ned dit. Heilt ok utsikt.


Flodhest som symjer på rygg.


..men at det er et blinkskudd det kan ingen komme fra.


Loever er eigentleg skikkeleg svaere!


Litt som linsa til stakaren her. Nauta praktisk akkurat der..hehe.


Derettter bar det tilbake til Bougainvillea igjen for eit betre måltid mat og avslapping. Vi fekk testa bassenget, men det var sopass kaldt at det var meir plikt enn pleasure. Siste dag vart vi ein time forseinka grunna at safaribilen ikkje ville starte. Sjåfoeren tenkte ikkje at å gje beskjed kanskje var greitt, men etter ei god ringerunde fekk vi fordelt kjeft og skuld ganske greitt. Siste stopp var Lake Manyara, som er kjend for treklivrande loever og store mengder flamingoar. Safarimessig vart det ein liten nedtur for vi hadde sett det meste frå foer. I tillegg såg vi lite av leopardar, og vatnstanden var sopass låg at vi ikkje kom naer nok flamingoane til at det vart toeft. Men sjoelve turen var koseleg, med kvalitetstid attmed familia og Helge. I tillegg dengte han pappa til ein hissig bavian som var inne i bilen for å ta epla våre. Historia er definitivt verdt posen med eple!


Collabus ape-eittelleranna. Desse hadde ingen skuld i epleslangen, men hadde derimot eit halvhjarta angrep på oss med halvspiste baer.


Mamma og pappa på ein lunsjplass, mette av inntrykk og mangel på treklivrande loever=)


Same lunsjplass, nye folk. Her fortel safariguiden vår, Idar, roevarhistorier ifrå nasjonalparkar og FN-jobben hans då han var ung.

Ingen kommentarer: