mandag 30. mars 2009

Montimeru

He ej fortalt dej om då ej gjekk mej oppå den derre Kilimanjaroen?
Åja..
Ka me Mt. Meru da?
Nei, der ser du..det he sej slik:

Laurdag 14. Mars hadde både Team Devold og Helgetur tid til å bestige Arusha si stoltheit, nemleg Mt. Meru på 4562 svimlande meter over havet. Som alt anna i Tanzania bør dette talet takast med ei klype salt, men høgt er det iallefall. Med for Team Devold denne gongen var meg sjølv som før, men for Helgetur stilte denne gongen misjonær Per Ove og 1-årsmisjonær Trond istadenfor den totalpanta nybakt pappaen JærJarle.

Trond og Per Ove viser 200 USD i Tanzania sine største sedlar

På grunn av sakn av Noreg hadde Helgetur allereie bestemt at vi skulle køyre ein vanleg norsk viddetur-stil på toppturen med full oppakning, primus og telt. At nokon i Noreg nokon gong har, eller ville ha, gått 3000 meter i kontinuerleg oppoverbakke med dette er vel omtrent like sikkert som tilgongen på reint vatn i Tanzania, men ting let seg ikkje rokke. Heldigvis fekk Team Devold lagt ned forbod mot telt, og husromet for ekspedisjonen vart då hyttene som teltet måtte skvisa seg inn imellom. Men glade og fornøgde drog alle i veg djupt inn til Arusha Nasjonalpark sitt indre, med lusekofte og ludviksekk.

Det fine med ein topptur til Meru er at det berre er å møte opp med sekk, rikeleg med klede og sjokolade ved inngongen til nasjonalparken, so ordnar alt seg. Parken har fast lønna Ranger Guides som står med børsa ladd klar for å geleide turistar opp til toppen for ein billeg penge, og berarar står klar med piggsko og spinat for å ta bagasjen raskast mogleg oppover. Eit lite skår i gleda var at vi måtte parkere bilen hjå ein av Rangerguidane sidan ting kunne bli stjelt om bilen stod på parkeringsplassen ved Rangerhovudkvarteret. Rare greier, sidan dei einaste der er parktilsette og bavianar.

Nesten umiddelbart gjekk vi forbi eit par giraffar som gløtta opp ifrå buskaset. Rett nok eit ganske høgt buskas. Kika vi litt vidare såg vi ein haug med Pumba som gjekk og dreiv dank på savanna, og kika vi andre vegen såg vi ein flokk vannbøflar. Vannbøflar er ikkje til å spøke med, og eg siterar ein safariguide i Lake Manyara for å illustrere: "It is very dangerous to camp in a tent in Lake Manyara. In the night maybe a pack of lions is out hunting around the tent. Then, if they find a buffalo and attacks it, the buffalo gets angry and can run you over." Nevermind the lions der altso..

Meg som neverminds the buffalos.

Dagsetappene er på papiret korte og greie, med 1000 meter stigning kvar dag. Siste dagen går ein utan storsekk omtrent 1000 meter opp til toppen og so ned att 3000 meter til utgongen av parken. Helst før kl 18:00, for då stengjer dei porten og vi er overletne til ville dyr og mørke. Det kom raskt for ein dag at Peri sine kun-30%-igjen-av-menisken-kne og Trond sin halvvegs gjennomførte kneoperasjon på begge bein var eit problem som ikkje forsvann om ein let vere å tenkje på det, og vi måtte raskt bytte litt om på vekt og sekkar i den første, og einaste, bakken. Men både turen og naturen første dagen var vakker og ven, med ville dyr, fossefall, jungel og utsikt over parken.

Fossefall og Trond.

Per Ove, eller Peri som han vert kalla i beste Riise-style, viste raskt liten vilje til å lytte til erfarne fjellfolk, og kniva heile tida om leiinga med Rangerguiden. Team Devold og delvis Helgetur, ringrevar innan høgd og haudeverk, heldt seg mest bake og freista å drage ned gjennomsnittshastigheita om ikkje anna. Grunna ytre omstendigheiter var det likevel vanskeleg å ha ei like god oppstigning som Kilimanjaro, og regelen vart heller 5 gongar vekta, 3 gongar raskare oppstigning og på halvparten av tida som Kili. Heldigvis er Mt. Meru over 1000 meter stuttare enn Kilimanjaro, og håpet om å vere i god form til å dokumentere levde enno i beste velgåande.

Helge i god form på jakt etter dyr.

Vi kom oss vel opp til første hytta og åt pannekaker. "Dagens dyreliv" kom då eg sat meg med kamera litt inne i skogen for å slappe av, og ut av buskaset kom ei lang rekke med ganske beefy bavianar. Heldigvis skal det ikkje stå på beefy, og det enda med at dei stakk ein annan veg. Veldig tøft og alt det der=) Også tøft var åtvaringa ifrå Rangerguiden: "Be careful when you go out to the toilet at night. There might be buffalos, and they are most active at while it's dark." Spice up your life.

Dag to foregjekk stort sett likt, bortsett frå vesentleg færre dyr og meir urskog. Trond lanserte før turen eit forslag om at vi skulle ta med masaimachetene våre for å høgge oss veg gjennom urskogen på sida av stien. Dette hadde gått ganske seint, for med urskog meiner eg store tre som er altfor gamle og mosegrodde. Det hadde vore raskare å brukt machetene til å skubbe trea over ende, men dette hadde ikkje vore like gøy.
Eller..aldri sei aldri og alt det der..

Trond testar urskogen.

Då vi hadde komt oss opp til hytta var det berre å finne seg eit rom og hive seg på senga. Den som ville kunne ta seg ein liten tur vidare oppover til Little Meru, men det var det kun eg og Tanga-Trond som ville. Ein hyggeleg tur med både utsikt, miniantiloper og posering på toppen. Vi kom oss ned att, vel vitande om at vi hadde gjort alt etter akklimatiseringsboka (sov lågare enn du har vore tidlegare på dagen).

Trond med kvikklunsj på Little Meru. Har eit bilete der han ser i kamera og smilar, men dette er definitivt meir ekte.

Den 3. dagen tjuvstarta litt, då vi hadde planlagt avreise ifrå hyttene kl 01:30 MT (Mzungu Time). Eg har det i ryggmargen å vere litt seint ute på morgonen og heller ta det igjen utover dagen, so avreisa vart trulegvis ikkje før rundt 02:00. Still MT..
Vi brukte topptursekken min, på Mr.T, og storsekken min godt igjensnørt, på meg. Vel, godt igjensnørt var å ta i litt, for eg hadde sjølvsagt dunjakka oppi sekken og tilbaud den all plass den ville ha. Dette førte til ekstra barsk oppakning og dertil barske bilete. Barskt vil eg i tillegg seie at skjegget mitt var, då eg ikkje hadde barbert meg sidan slutten av januar. Siste 1000 meterane starta i godt sunnmørsk ver, med våt skodde og 10 grader, og eg naut det! Rundt desse tider fann eg ut at eg hadde klart kunststykket å gløyme att all sjokolade og anna snop nede på sengekanten min på hytta. Memo til meg sjølv: Gjekk overraskande bra utan eigentleg, bør prøvast oftare. Men ja, vegen bar bratt oppover i bekmørke, og skodde, og vi fulgte blindt anvisningane til Rangerguiden. Han heitte eigentleg Fredrick, men sidan det er vanskeleg å seie i lengda døyper eg han om til Frede. Frede Joakim.

Peri på opptur.

Eg hadde håpa på iskaldt og klart ver utover natta, men fekk ingen av delane. Ikkje før vi var oppe på ryggen, eller the saddle som det heiter på swahili. Då fauk tåka vekk og ein knivskarp og stjerneklar nattehimmel opna seg opp. Tanzanianarar er om mogleg enno meir nøysomme med pengar enn skottar, og sidan lys kostar pengar var det ikkje eingong ei einaste billykt i heile regionen som skjemma nattehimmelen vår! (Mange køyrer faktisk med lysa av, heilt sikkert av økonomiske årsaker).

Helge på opptur.


Meg med ekspedisjonsskjegg på opptur.

Peri var sjølvsagt i tet heile tida, og hadde ein imponerande siger på pulsmålinga med puls heilt nede på 90-talet. Eg var ikkje heilt der, men bar til gjengjeld ein sekk full med nytelse i dunjakkeform. Toppen var forreven og majestetisk, og ein augneblunk lurte eg på om det måtte verte real klyving til får å nå toppen. Dette vart med tanken..vi tok iallefall ikkje den vegen. Peri la inn ein spurt for å nå opp før Frede, og låg som eit slips og harka når vi andre kom plystrande opp. Vi hadde bomma grovt på tida og var altfor tidleg oppe, so alle utan dunjakke og skift, som vil seie Helgetur, stod med makk i raua og dreiv med skuggeboksing. Team Dunvold hadde det heilt greitt=) Sett bort ifrå at eg igjen hadde klart eit kunststykke. Høyr no: Lenger nede i bakken hadde eg teke av sekke for å gi ut ei vatnflaske til Perifer, og hadde gløymt å ta med kameraveska mi vidare derifrå. So der stod eg på toppen, i motsetning til Kilimanjaro i kjempeform, men altso utan kamera til å ta bilete. Helge var difor den einaste som faktisk orka å ta bilete på toppen. Kjempegreier, for Helge gav seg først litt etter at han var lei å ta bilete av oss på toppknausen. Dun i soloppgong er utan tvil den nye elg i solnedgong!

Toppen fotografert etter at eg fann att kameraveska mi.


Nedtur med Kili i bakgrunnen.

Når vi hadde sett starten på soloppgongen var det påtrykk for å starte på nedstigninga ifrå både Frede og Helgetur, og so ytra, so gjort. Litt overraskande gjekk nedoverturen nesten seinare enn oppoverturen, mykje grunna 30%-menisk-Peri. Omtrent alt faktisk. Men det var ein flott tur over sadelen, med fjong soloppgong og utsikt over Kilimanjaro samt nokre fine fjellknausar også. Halvvegs nede i bakken sa nokon det alle tenkte, at vi kjem oss aldri 3000 meter ned i dette døgnet med dette tempoet. T-bag og Haggis stjal difor kremjobben med å gå ned i eige tempo for å lage til mat medan eg bremsa på giren bak Periskop slik at han ikkje skulle døy åleine på fjellet iallefall om kneet streika.

Toppen ifrå Rhino Point. Skulle visst vere ekte nashornknoklar det som ligg der og sleng.

Vel nede fekk vi i han mat, før vi alle heiv oss i soveposen ein liten time. Til no på turen hadde eg sove omtrent 1 time totalt, og heller ikkje no vart det særleg suksess. Eg levde over. Neste etappe gjekk om mogleg enda seinare, men nedover kom vi oss likefullt. Eg gjekk bakerst heile tida og hadde rikeleg med tid til å utvikle ein relativt god sjølvutløysarteknikk. Har mange, og ikkje kjempebra, bilete av meg oppe i forskjellige tre som stod lagleg til på vegen eller var pussige nok til å ta omvegen om. Eg fann ei god rytme, med sjølvutløysar for å gje forsprang for deretter å sleppe seg laus nedover. Eg har ein kjempeteori om at det er bremsinga ein vert mest sliten av, so minst mogleg av det er til det beste. Litt sidevegs byksing ned bratte parti kan òg hjelpe, iallefall for feelflowen. (Der fekk du den Maasen).

Illustrasjonsbilete av teknikken.



Etter ca 4 år kom vi ned til første hytta att. Trelgetur hadde igjen gått i framføre for å fyre opp primusen, men sidan eg bar på all ekstra drivstoff vart det ikkje særleg fres før alle var samla. Helge varta opp med Torosuppe og brød som Periperi vart relativt laus i snippen av. Ublyge lovnadar av typen "Om eg hadde vært ei jenta...sånn passe goodlooking.." og "Eg ska personlig ringa na den så kapre deg og sei te na..." kom som perle på ei snor, til usikker jubel ifrå oss andre. So til den dama som skulle finne på å finne Helge, ikkje bli redd om det plutseleg ringe ein halvamorøs korttidsmisjonær med engasjert rogaloslodialekt og mykje på hjartet. Tips til Peri; har du høyrt om telemarketing?=)

Trond og Helge og elefantkula Kjell.

Etter langt om lenge, og lenger enn langt var vi endeleg nede, kun avbrote av ein vannbøffel eller to som skula stygt på oss når vi passerte medan Frede stod klar med børsa. Beina var ganske såre etter den lange turen, men alt ordnar seg med høddshorts, flippfloppar og cola. Fekk ein skikkeleg fin diplom i tillegg for å bevise at eg har vore på toppen. Veitkje heilt kva eg synest om akkurat det derre der..

Illustrasjonsfoto for å vise kor nær vi var naturen.

Vel heime sov eg ganske bra=)


Meg. Ganske bra.

ps. Ein av mange tankar; Etter å ha gått denne turen som kostar 150-200 USD totalt sit eg att med inntrykket av at..Kilimanjaro er trulegvis eitt av dei aller mest oppskrytte og kostbare fjell eg veit om, og å fare eins ærend ifrå Noreg for å gå opp der er som å...ja..gå over bekken etter ei bøtte, gå tilbake og sitt på bøtta i ein time for deretter å gå over bekken, utan bøtte, etter vatn. Ein ting er om toppen er på vegen til eitt eller anna, men dette er nok sjeldan=) Orsak for alle eg no trakkar på tærne, og som plaster på såret kan desse lese opp att dette avsnittet.
For den som lurte er dette blogginnlegget på akkurat 2069 ord, ikkje medrekna bilettekstar. Til samanlikning er den o store oppgåve 2 for vårsemesteret på Hald på 2500 ord. Skikkeleg kjipt å vere Haldstudent, kun skriving heile året=)

1 kommentar:

Gjermund sa...

Bare lurer bittelitt på om du kan nevne noen andre oppskrytte fjell som du vet om...?