lørdag 11. oktober 2008

Atle

Eg har i tillegg faatt meg eit eige kjaeledyr paa rommet mitt. Det er ein gekko som eg har doept Atle. Bilete, historier og fun facts om Atle kjem seinare!

I fraaver av live footage av Atle kjem eit bilete av Middagshornet vaart, Mt Meru. Det e det 4. hoegaste i Afrika eller naake sant. Sjekka ditte seinare.

African time

Kjempekjekt aa lese seg opp paa bloggane til alle andre, supert at alle ser ut til aa ha det bra!

Integreringa mot aa verte mindre muzungu gaar framover, iallefall for Helge. Etter ein kjapp opning av doera heime kom han til at i dag var det for kaldt for shorts!! Han om det..eg vil heller seie at det er ein over gjennomsnittleg sommardag paa Sunnmoere. Altso, godt bronze-ver!

I gaar tenkte eg at eg skulle lage pilau na mnyama. Resultatet vart vel ca 4 paa ein skala til 10, men som det norske landslaget skal eg kun ta med meg det positive ifraa kvar kamp/middag. Vi har faatt lovnadar ifraa Phineous, ein av vaare homeboyar paa chrisckontoret, at han skal laere oss aa lage ugali og chapati. Vurderar aa lage kokebok om det vert ein suksess. Kanskje det gaar under informasjonsarbeid..

Sit og kjenner paa African time no, daa vaar homeboy e 40 minutt for sein....and counting. Bra vi he blogg og facebook!

Mine heimegutar, Phineous og Helge!

Etter aa ha vore litt frampaa og braa i kjeften har Helge paateke oss aa synge/spele ein song i bryllaupet til Aron, CHRISC-sjefen her i TZ. Gaa gjerne inn paa bloggen til Helge og stem paa kva song vi skal synge!

Ellers: "Mamma, ej he det bra! Ej he sett opp mosquitonettet, koka drikkevatnet og oppvasken, ser meg for til hoegre og venstre i trafikken...og alt det der. Og ej vaska kleda mine for hand i gaar!"

torsdag 9. oktober 2008

Onkel reisande Mac


Jambo godtfolk! No har eg endeleg roa på meg til å skrive eit innlegg! Internett vart funne opp litt seint her i Tanzania, og dei er vel komne til modem-stadiet sann hastigheitsmessig. Dette gjer at både eg og Helge må tenke kreativt når det gjeld å oppdatere bloggane våre! Bilete av Arusha og Helge vil kome på sikt!

Ting har, på ein merkeleg måte, begynt å gå seg til her nede i Arusha. Det er ein sjarmerande plass! Folka på CHRISC-kontoret har nok å gjere med å svare på spørsmål frå oss, vise oss rundt og passe på at vi ikkje vert overkøyrde i trafikken. Eg kjenner eg gler meg veldig til den dagen vi klarer oss sjølve her!

Vi var på vår første CHRISC-trening på tysdag, og inntrykket etterpå er at desse karane leikar ikkje butikk! Det går stort sett i seriøse fotballøvelsar, med kjegler og trenar med fløyte. Fotballbana er hakket mindre profesjonell; det er eit jorde, vel å merke utan gras, med små haugar og tørrlagte elveleie. Målområdet spesielt er ein fest!

Det som kanskje er mest spesielt med Afrika so langt er at alt eg synest er rart er so naturleg for alle andre! At ei ku kom inn som høgreving på motstandarlaget mitt midtveis i CHRISC-treninga, eller at ein hane står og ser på oss igjennom vindauget midt i eit Strømme foundation general meeting ikkje vekkjer oppsikt, DET e rart det! Heldigvis har eg Helge med meg, som forøvrig innfrir alle forventninga!

Ellers so er minibussane/taxiane våre stappfulle her også, som ellers i verda=) I dag var det kun 15 i vår! LUKSUS!

fredag 12. september 2008

Ein litt uvanleg dag

Førre laurdag var det ein heilt grei føremiddag, og kanskje litt lite å gjere. På ettermiddagen derimot var det duka for bursdagsselskap for Eirik og Nils, og eg gledde meg storleg. Når folk starta å pynte i peisestova til festen tenkte eg at då kan eg like godt rekke ein dusj og kome nystrigla og pæne til selskapet starta, men den gong ei! Når eg kom tilbake var festen over, og det var heller ikkje meir kake igjen...kjempeskuff! Det at Noreg ikkje varta opp med festfotball på tv gjorde også sitt til at denne ellers ok laurdagen ville forbli nettopp det. Men slik skulle det altso ikkje gå...

[kunstpause]

Tydelegvis var brasilianarane våre i det rastlause hjørnet denne kvelden, og sette på local sambasalsadancemusic. I ein fei vart bord og stolar hivne ut av vegen, og sambaen kunne starte. Det heile vart kjempekjekt, og bootyshaken varte i fleire timar. Deretter drog vi ut på ein nyopna "Berserk bar og scene" i Mandal for å fortsetje kvelden. Det tok blankt av, delvis fordi Berserk bar og scene er det aller aller mest harry eg har sett i tillegg til at 20 sambaklare Haldstudentar ikkje brydde seg om dette!



Og at vi traff sjølvaste Kjartan Salvesen på den lokale burgersjappa etterpå gjorde berre kvelden komplett!
Eit fåtal bilete av kvelden kan skodast her.

lørdag 6. september 2008

Ein heilt vanleg dag



Roa har seinka seg over Hald, og dei daglege rutinene har blitt stort sett innarbeida. Det består stort sett av mat, skule, volley, line, trening. Allikevel er det overraskande mykje tid attende til slækking og dagdriving=) Bilete ifrå herligheita kan skodast her.

mandag 25. august 2008



No e ej trygt plassert på Hald Internasjonale senter i Mandal, kun 20 meter ifrå E39. Flott å ha noko heimekjært i nærleiken!

Har snart vore her i 2 veker, og det skjer MYKJE og mykje KJEKT kvar dag! Undervisninga går ut på å førebu oss til utanlandsopphald, å få til eit godt team og ellers litt generelle ting. Eksempel på undervisningstema er innføring i temaet fattigdom og bistand, fair trade, leiarskap osb..
Alle på skulen her er flotte folk, med engasjement og ein positivitet som merkast på miljøet! Utanlandsstudentane som er her set òg farge på miljøet, på alle måtar.

Eg har ikkje kome i gong med å ta bilete skikkeleg enno, men fekk teke nokre no i helga, då vi hadde ei slags lagbyggjingshelg, eller teambuilding weekend som det helst går i her på skulen. Bileta kan skodast nærare på her.

SO får vi håpe at bloggen lagar seg sjølv herifrå!

torsdag 3. juli 2008

Bloggfeme

Det kan verke som om bloggen min berre e eit blaff, og sannheita e vel nært beslekta også. Unngjekk heldigvis 1 mnd utan innlegg, det hadde vore kroken på døra..

Fråver av blogg betyr at det e meir enn nok ikkje-data-aktivitetar å gjere på, som i dag. Volleyball i sol, OG VARME! Heilt samstundes! Heile dagen he vore eit kodak-øyeblikk, eller augneblunk alt ettersom.