onsdag 19. november 2008

Getaway in Arusha

Her forleden dag skjedde det noko veldig pussig. Bakteppet for det heile er at Høgtun fhs er på besøk med CHRISC i Arusha og ventar på at bussen deira skal kome. Eg og Helge, samt ein jovial local so kan norsk og heite Joseph, sitte på bussen som er på veg til hotellet deira. So lang, so bra. Vi parkerar utanfor hotellet, framleis alt vel. Men herifrå og ut skjere det seg.

Sett ifrå vår ståstad skjer dette: Bussjåføren får plutseleg makk i baken og ein vill trong til å forlate åstaden. Dette gjer han òg, på ein dristig måte. Han ryggar bussen ut i vegen, som inneheld ei stor mengde bilar på veg til og frå byen, med ein aktiv brøytestil. Vi høyrer skrens og tuting, men har veldig begrensa sikt bakover og kan ikkje vere sikker på kva som skjer. Det kan heller ikkje bussjåføren.

So startar han å køyre framover, og her tek for alvor galskapen tak. Bussjåføren, heretter kalla Jogeir, veit at det ligg eit trafikert kryss framføre oss og tek affære. Han svingar inn på ein bensinstasjon, er like ved å meie ned 3-4 fotgjengarar, svingar inn mellom to bensinpumper i 40 km/t og 3-4 nye fotgjengarar får klump i halsen idet vi køyrer ut på ein ny veg. Av frykt for regntid og liknande er det fullt av omvendtfartshumpar i gatene her, men bussjåføren stolar blindt på demparane til bussen. I notid og spesielt ettertid er dette ein ufortent tillit til bussen.

I neste kryss er det uheldigvis, for dei andre bilane, kø. Men i kraft av stor fart og ståpåvilje klarer Jogeir å snike seg igjennom kryssande kø via feil køyrefelt og er iferd med å faktisk kome inn på rett side av vegen. Det han ikkje tenkte på var at det kunne kome bilar ifrå den lovelege retninga. Vi høyrer ein slags "krasj-skrens"-lyd og vill tuting, men dette får på ingen måte Jogeir til å roe ned eller stoppe opp. Oppmuntra av fri passasje rett framover gir han heller litt ekstra gass igjennom bygatene.

Etter ein hasardiøs 90-gradar, via ei over gjennomsnittleg stor dike i vegen, kjem vi inn på ein moldgate. Ca 100 meter inn denne forsømte gata, med mange folk og med altfor stor fart, bråbremsar vi. Jogeir hiv oss ut og forsvinn i det fjerne. Attende er ei stor støvsky og spørsmålsteikn.

Heldigvis kunne ein skrattlattermild Joseph forklare kva som eigentleg hende. Det viser seg at utanfor hotellet stod ein tilsett i noko som likna biltilsynet og inspiserte bussen. Då bussjåføren vart gjort oppmerksam på at han hadde forsømt både avgifter og anna bestemte han seg for å sleppe unna den komande bota med å forlate åstaden på ein hurtig måte.

Til alt hell hadde Jogeir ikkje gløymt avtalen med oss, og etter ei stund kom han tilbake med ein anna buss, bestebussen, som han faktisk hadde betalt avgifter på og som var registrert for omtrent so mange som vi var.

Er etter dette ekstra forsiktig med å krysse vegen når eg ser ein buss i nærleiken!

4 kommentarer:

aasen sa...

Fantastisk historie, Henrik! Ser fram til å få desse leiv@skjerva:)

Tosh sa...

Steik..!! hakje ej drylt na. Heh .. men korleis dokke kom dokke til hotelle igjen da, gjekk dokke dit? ..før han henta dokke å dei andre. Hehe du skulla hørt ne mor kor ho leksa sj, det vakje måte på kor ho mykje ho sku sei om bilkøyring i utlandet!! Men ja pass dokke.

Oddrun sa...

For en fantastisk fortelling, jeg kan se det for meg. Mangler bare han på biltilsynet på hjul bak, så hadde det overgått alle jaktene i siste bondfilm:D sjø!

Og hoi-oioi, for en dress, og for en sang!

Henrik sa...

Vi tok ein dalladalla, dvs minibuss, dit vi skulle ende opp. Dei andre blei koeyrde i ny buss med same sjaafoer litt seinare. Tenkte tanken at ho gamlemor ikkje heilt ville like historia, men du kan no troeste ne me at solenge det e humor i det so ekje det livstruande iallefall=)

Takk Oddrun, ej forventa at du veit ka ej snakka om=) Ej he sovidt bjynt aa verte vand med slikt, men han lokale so va me i bussen sa at ditta va ekstraordinaert sjoel for Tanzania.