tirsdag 11. november 2008

Fix you - Ordne

For spesielt interesserte kan eg legge ut teksta paa songen vi song i bryllaupet. Det e ein gammal slager av Coldplay so heite Fix you, delvis stramt og delvis laust omsett til konservativ nynorsk.


Ordne
av The Wedding Singers

Naar du freistar som best men lukkast ei
Naar du faar det du spoer, men ei det du boer
Naar du er so troeytt, men du faar ikkje ro
Fastlaast i raesargir

Og naar taarene stroeymer nedover ditt andlet
Naar du misser noko du aldri finn att
Naar du elskar nokon men det vil seg ei
Kan det bli verre?

Refr:
Ljos vil rettleie deg heim
Og antenne dine eigne bein
Og eg skal freista aa ordne

Over hoegaste fjell og djupaste dal
Naar du er so forelska til aa oversjaa
Men om du aldri freistar vil du aldri vita
Kva du er verdt

Refr:

Bridge: (eit fantastisk mellomspel av Helge)

Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Naar du misser noko du aldri finn att
Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Og eg

Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Eg lovar det eg har laert av mine mistak
Ein taarestraum, ned i ditt andlet
Og eg

Refr: (Mjukt og fagert)

The wedding singers


Bryllaup e kjempekjekt, ogsaa i Afrika kan ej konstatere etter denne helga. Laurdag 08. gifta Aron, sjefen vaar paa chrisc-kontoret, seg og vi var inviterte. Ikkje nok med det, Helge hadde i tillegg invitert oss til aa synge i bryllaupet. Vi hadde laga til eit svaert nummer med keyboard med rytmeboks, melodikasolo og fleirstemt refreng. Men so gjekk straumen ein halvtime foer vielsen starta! (Det vil seie ca ein time etter det som stod paa innbydelsen)
Loeysingsorienterte som vi er fann vi det best aa la Helge gjere tingen sin paa melodika, og eg song av full hals heile songen aleine.

Dei som kjenner oss vil vel ikkje verte overraska over at innslaget vi hadde planlagt hadde eit snev av nachspiel og userioesitet over seg, slett ikkje nedtona av den nysydde maasaidressen min. Noelinga var difor stor daa vi vart kalla fram rett foer vielsesseremonien skulle starte for aa framfoere. Kanskje var Aron sin tanke og vaar tanke for innslaget ikkje heilt lik?
I ettertid ser eg at dette kan fort stemme, men vi har enno ikkje hoeyrt nokre sure miner (eller saerleg skryt for den del) Men vi fekk heldigvis mange "Thank you for singing", so heilt feil kan det ikkje ha vore.
Laerdomen e at med maasaidress verte det aldri feil!

Her e ej og svigerfedre og andre mzee's. (Helge sitt bilete)


Eit av dei meir artige tinga med bryllaupet er denne gjengen her, eit ekte og feiande flott brass band. Dei koeyrde paa heile dagen og kvelden igjennom i tide og utide, og gjorde seg meir enn fortent til loenna si. I tillegg drog dei ei 15 sekunds strofe kvar gong nokon sa noko bra i kyrkja. Litt som ein veldig eskalert hi-hat (badom-tsjj) kvar gong nokon vitsar. Trur det naeraste eg kjem for aa beskrive det er aa henvise til flaaklypafilmen og det blaaseorkesteret dei har der.


Festen etterpaa var heilt sjef, og eg er veldig glad Helge og ein misjonaer som heiter Per Ove var med aa oppleve det. Ken skulle eg veksla blikk, glede og latter med viss ikkje?! Vi kan vel seie at vi har faatt vaar del bongo flava love songs og "Nakupenda" (I love you), og kanskje ogsaa brassmusikk. Av snodige, men artige, ting var kanskje dette det kulaste: Den tradisjonsrike heilstekte bryllaupsgeita som brudeparet mata til seg sjoelv og naer familie.


Eg og Helge fekk i tillegg aera av aa opne ei flaske sjampis kvar og servere til svigers, til stor jubel og aatgaum (lokalt og omstridt ord, oftast brukt om staahei).


Ein heilt kjempekjekk dag til, ka e oddsa?

Svipptur

Som kanskje lesarar av Helge sin blogg har faatt med seg so har vi vore ein rask tur til Haydom sjukehus inni bushen, eller Little Norway som det kanskje burde heitt.


Vi fekk paa tilfeldig vis snike oss med eit lite fly og ein hoeg pilot so heitte Eivind, og berre flyturen til va definitivt verdt turen. Her sjekka pilot Eivind at det ikkje har kome antiloper i luftinntaket.


Haydom fekk vi jogga oss nesten igjennom, akkompagnert av lab technician Nikodemus, eller Oddgeir som eg heller vil kalle han. Som biletet viser hadde Helge ikkje ein gong tid til aa sjaa i kamera.


Rett foer vi skulle til aa ta av heim att vart vi overraska av eit styrtregn som berre Afrika eller Bergen kan frambringe. Etter kvart vaage pilot Eivind seg ut for aa sjekke og sparke litt i flystripa og jage vekk kyrne som hadde forvilla seg dit. Som vi ser har vi relativt mykje ver paa ein gong.


Det heile var kjempekjekt, og det la heller ingen dempar paa opplevinga at vi flaug veldig lavt paa heimturen grunna turbulens. Ein kunne nesten sjaa hola i tenna paa maasaiane som jogga rundt paa savanna under oss!

torsdag 30. oktober 2008

Nytt land, blanke ark

Kanskje har du hoeyrt om det gode forslaget til Oeyvin om adventsbart? Det har iallefall eg og Helge, og er relativt motiverte.
Vi tenkte litt igjennom dette her ein morgon ved frukostbordet og kom fram til at vi har tenkt aa ta det eitt steg lenger. Ja, det stemmer, og det startar allereie i morgon med "November-kottis".

Eg oppfordrar alle, menn som kvinner, om aa delta i konkurransa. Deltaking er alfa og omega, og det vil kun bli delt ut stilpoeng og ikkje for veksten (for dei som maatte bekymre seg for det).

Ta kontakt og sei ifraa at du er med, verda treng fleire kinnskjegg!

Dalladalla (Matatu)

I gaar sette eg og Helge og 29 andre personar ny person(leg) rekord i tettpakka dalladalla! Fleire som he rekorda paa ditte? Verte berre glad om naaken slaar vaar rekord eigentleg, for det e naake alle boer oppleve ein gong=) "Solenge det e plass til ei flaske vatn i van-en ekje det fullt"(omsett sitat ifraa Phineous paa CHRISC-kontoret)

mandag 27. oktober 2008

National Camp


Alle som he gleda sej til National Camp i Tanga den 5. januar, maa nok belage seg paa ei overrasking eller to! Den e trulegvis flytta til (slikk paa peikefingeren og hald den opp i lufta) paasketide, og til eit vegkryss so heite (same prosedyre) Korogwe.

Men det betyr ikkje at eg og Helge ikkje hadde det kjekt paa workshopen og field tripen i, ja nettopp, Korogwe. Vi fekk sparke litt i graset paa fleire av markene dei har tenkt aa bruke, og vi har faatt besoekt fleire rektorar og forhandla om leiging av skulane deira. Ein av skulane hadde denne gilde inngongen til eine klasserommet (biletet over). Smeikje! E det noko dei ikkje er redde for her nede so er det aa profilere Herren, Gud eller Jesus. Bwana, Mungu ao Yesu! Spesielt dalladallaane (Matatu for resten av verda) har dette som gjennomgongstema. Kan nesten verke som ein slags tilfelle rottefelle-tenkjing.

Tre lovande ungfolar i CHRISC Tanzania-styret. Joseph, Phineous og Andrew. Eller Jonas, Finn og Roger som eg har doept dei i mitt eige hovud.


Her e mej og leiaren for CHRISC Tanzania. Aron, eller lompe, som det norske namnet hass e. Han skryte av det iallefall. Vaskeekte masai og greier. Likna ikkje i det heile tatt..

Ellers he vi det bra enda. He ikkje alltid like god rutine paa innkjoep av mat, noko som biletet skal proeve aa illustrere. Kanskje lettast aa skjoene for dei som var der, altso meg og Helge. Men iallefall, vi har hatt paafallande mange frukostsituasjonar der begge har tenkt inni seg; hmmmmm...WWJD, eller macgyver. Heldigvis har solsikkeolje og cashewnoette teke over for lommekniv og gaffateip.

torsdag 23. oktober 2008

Misoppfatningar av Tanzania


Hovudkontoret til CHRISC Tanzania, i si heilheit! For eit land med over 30 mill. innbyggjara, og kanskje enda fleire gnua! Eg staar i doeropninga og tek bilete.

Veldig lenge sidan sist no, og det er berre aa beklage! litt rift om internettilgongen paa kontoret, og vi har dessutan vore paa ein firedagars utflukt til delvis usjarmerande Korogwe! Vi har faatt sett og moett heile styret i CHRISC Tanzania, og i motsetning til paa Hald var eg og Helge av dei aller yngste i den forsamlinga!

Etter aa ha vore tilskodar og deltakar til livet i Tanzania i snart 3 veker no har eg gjort meg opp nokre tankar om kva eg hadde forventa naar eg kom ned:

Mat
Maten her er kjempegod! Og ikkje som min kjaere bror antyda, at det gaar i stekt ris og friterte fluge. Tysdag 21. oktober e foroevrig den offisielle dagen for daa ej droppa manera, og bestikk.

Trafikk
Eg tenkte at alle koeyrde som svin foer ej kom ned hit, dette stemmer ikkje heilt. Det er omtrent like mange som koeyrer skikkeleg seint her ogsaa. Dette foerer til at dalladalla og turbussar gjerne tilbringa like mykje tid i motsett koeyrefelt som i sitt eige, men alle er fullt klar over kva som er den rette sida. Dette hadde eg hoeyrt litt ymse om paa foerehand!

Mzungu
Eg hadde paa foerehand hoeyrt mykje om dette begrepet, men at dette var noko ein vart vant med etter kvart. Dette stemmer ikkje. For alle som ikkje er sikre paa kva mzungu betyr so er det eigentleg kiswahili for "europear", men vert brukt om alt som kan krype og gaa som ikkje ser ut som ein afrikanar. Det er omtrent som om dei lokale har ein slags bilbingo, berre med "europearar". Oftast naar eg gaar i gatene stoppar praten dei lokale seg i mellom akkurat lenge nok til at alle kan faa sagt det magiske ordet, og so fortsetje samtalen sin som om ingenting var hendt. Ei slags stadfesting av typen "Jassaa, du staar her og maler". Vert aldri vant til slikt!

Dans
Ellers tenkte eg at alle stod med trommer og dansa i gatene heile dagen lang, og dette stemmer heller ikkje. Men dette trur eg at eg har kome paa sjoel, og maa ikkje lastast paa nokon andre. Det viser seg i tillegg at alle paa CHRISC-kontoret foeler seg teite i dansesituasjonar! So mykje for lovnaden om afrikansk kurs i dans og tromme!

Ellers he ej det bra! Ej he overlevd all slags shabby tillaga/oppbevara mat, utallige kryssingar av trafikert veg, busstur med ein Allahbuss ifraa mellomkrigstida, og ja..Helge, sjoelv om det ikkje er ein stor kunst.

Bilete og soga om National Camp-workshop kjem snart/seinare/ein gong, african style!