onsdag 18. mars 2009

Familie og gnu (Safari)

I tillegg til å sjå igjen meg var familia lystne på å sjå kva dette med safari eigentleg var. Vi sala difor opp og reiste til Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara på ein 3-dagars safari. Eg, mamma og pappa, lisjebror Torstein og Helgu. Etter ei lengre prisrunde enda valet på Sunny Safaris, noko som ikkje skulle verte eit heilt problemfritt val ser eg i ettertid.


Og ja, eg og pappa kjøpte oss like cowboyhattar. Because we're worth it.

Litt forseinka kom vi oss i gong, og snart var vi på full fart mot første stopp, Tarangire nasjonalpark. Parken var ein fantastisk stad, med fantastisk natur og mange dyr. Etter kvart slutta vi å stoppe kvar gong vi såg elefantar, og dette har eg ikkje opplevd sidan.


Andre, derimot, hadde ikkje anna val enn å stoppe.

Det var rett nok ikkje heilt tomt for folk i nasjonalparken, men etter kvart vart vi vande med synet av aldrande tyske safarituristar. Her eit klassisk eksempel.


Same ettermiddag skulle vi transportere oss til Karatu, ein ingenmannslandsby som har den fordelen at den ligg stort sett mellom dei fleste nasjonalparkane. I tillegg kan ein få tak i raud banan. Fiffig. På veg dit gjekk det imidlertid skeis for safaribilen vår, foerst ved ei punktering og deretter ein pitstopp etter nokre massive motbakkar for å fylle på meir vatn og kjoele ned motoren. Jekken som fulgte med bilen var av det rustne slaget, og sjåfoeren måtte melde pass på å senke bilen ned att etter dekkskiftet=) Dette kom imidlertid som bestilt for han pappa, som ser på ferie utelukkande som ein sjanse til å gjere annleis arbeid. å fikse jekken var kanskje det artigaste han gjorde den dagen=)


På Bougainvillea Lodge fekk vi god oppvarting med mangerettars middag, men litt surt var det at toget var gått for bading i bassenget og å få massasje. Neste dag stod vi iallefall meir eller mindre klar for nye opplevingar i Ngorongorokrateret. Dette var fine greier, og hoegdepunktet var nok for min del då vi snubla over to gepardar som låg og dreiv dank etter eit tydelegvis stort måltid. Bortsett frå gnu, sjoelvsagt, må nok gepard vere det mest fascinerande dyret i Afrika. Ellers såg vi mange dyr og turistar.


Meg og lisjegullet til familia på toppen av kraterkanten foer vi koeyrer ned dit. Heilt ok utsikt.


Flodhest som symjer på rygg.


..men at det er et blinkskudd det kan ingen komme fra.


Loever er eigentleg skikkeleg svaere!


Litt som linsa til stakaren her. Nauta praktisk akkurat der..hehe.


Derettter bar det tilbake til Bougainvillea igjen for eit betre måltid mat og avslapping. Vi fekk testa bassenget, men det var sopass kaldt at det var meir plikt enn pleasure. Siste dag vart vi ein time forseinka grunna at safaribilen ikkje ville starte. Sjåfoeren tenkte ikkje at å gje beskjed kanskje var greitt, men etter ei god ringerunde fekk vi fordelt kjeft og skuld ganske greitt. Siste stopp var Lake Manyara, som er kjend for treklivrande loever og store mengder flamingoar. Safarimessig vart det ein liten nedtur for vi hadde sett det meste frå foer. I tillegg såg vi lite av leopardar, og vatnstanden var sopass låg at vi ikkje kom naer nok flamingoane til at det vart toeft. Men sjoelve turen var koseleg, med kvalitetstid attmed familia og Helge. I tillegg dengte han pappa til ein hissig bavian som var inne i bilen for å ta epla våre. Historia er definitivt verdt posen med eple!


Collabus ape-eittelleranna. Desse hadde ingen skuld i epleslangen, men hadde derimot eit halvhjarta angrep på oss med halvspiste baer.


Mamma og pappa på ein lunsjplass, mette av inntrykk og mangel på treklivrande loever=)


Same lunsjplass, nye folk. Her fortel safariguiden vår, Idar, roevarhistorier ifrå nasjonalparkar og FN-jobben hans då han var ung.

tirsdag 17. mars 2009

Familie og fly (og Haydom)

Som kjent ifrå tidlegare blogginnlegg kom familia mi på besøk for å sjå kor livet i Arusha er. For å varte opp med noko spesielt i starten avtala eg eit besøk til Haydom Hospital med småfly. Pappa, som ser på seg sjølv som gamal flygar, trivdest sjølvsagt godt framme med co-pilotspakane. Mamma, som nesten gjorde omvisinga der til eit avhøyr om prosedyrer og utstyr, såg òg ut til å trivast. Eg og lisje Torstein gjekk rundt og hadde det kjekt vi me.



Veldig artig er det òg at pappa er heilt overbevist om at alle verditing er tryggast i hans oppbevaring. Dette resulterar ofte i ein utprega turistlook.



På veg tilbake flaug vi ein omveg for å kike på den heilage og aktive maasaivulkanen Oldonyo L'engai og Ngorongorokrateret. Fine greier det me=)



Og la oss avslutte med dette biletet.

mandag 2. mars 2009

Mwanza - rock city

Vi hadde, etter lang masing, endeleg fått til å reise til ein ny stad i Tanzania og halde seminar. Temaet var førstehjelp, noko som vi begge føler vi har grei kontroll på. Turen gjekk til Mwanza ved Victoriasjøen, ein tur som tek 12 timar om bussen har 3 toalettstopp, ei 15 minutts matpause og elles ligg i 105 km/t. Vi kom fram på tida. Phyneous, på den tida utdanningsansvarleg i CHRISC, var med oss for å passe på at vi ikkje sa noko dumt og elles oversetje det vi sa til swahili. Greitt nok. På veg inn til byen fortalde han at Mwanza vart kalla "Rock City", og eg fekk straks forventningar i retning Kiss sin heftige slager ifrå 1976 med nesten same namn. Dette skulle imidlertid ikkje vise seg å vere i nærheita av sanninga.


Som vi ser er sjåføren litt etter skjema ifølgje speedometeret. Legg merke til det vertikale panelet med knappar, det er alle alternative tutelydane han har tilgjengeleg. Og ikkje alle varer under 5 sekund. Vanleg prosedyre var å daske handa borti 3-4 av knappane og deretter litt opp og ned kvar gong det kom ei folkemengd eller ein kjenning.

Det som viste seg var at heile Mwanza er full av denne spesielle steinformasjonen her, og byen er omkransa av åsar som ser ut som har ein halv Stonehenge oppå seg. Utruleg stileg, og etter kvart kom eg til at dette var ei god erstaning for menn med sminke og gitarar med rakettutskytingsrampe. Byen var skikkeleg fin, og det var ei fryd å berre gå rundt og kike i gatene.


Phyneous skodar ut over Victoriasjøen. Han er forresten ifrå utkanten av Mwanza.


På trass av dette hadde han aldri vore oppå denne steinen i sentrum. Det vart det ein stopp på, heldigvis.


Mwanza - Rock City frå ein annan vinkel.

Seminaret, derimot, gjekk ikkje like vakkert for seg. Det starta relativt dårleg med at kun 4 av 15 deltakarar hadde møtt opp etter 45 min. Litt før 10, etter ca 1,5-2 timar, kom vi imodlertid i gong med omtrent rett antal deltakarar. Vi hadde spanande tema på papiret som til dømes hjarte-lungeredning, støttebandasjer - "how to?" og båre - Macgyver style.


Phyneous og CHRISC-leiar i Mwanza, Wallace, med ei "kva var det eg sa"-mine ein halvtime etter "starten".


Helge viser hjartestartarteknikken på dokka vi hadde med.


Vi la stor vekt på praksis, og alle fekk teste ut alt vi lærte dei.


Under pausene hadde vi leikar. Her freistar vi å lære vekk Hi-Ha-Ho/sherriff-leiken, med overraskande lite hell. Det stod slett ikkje på vilje eller innsats, men det ville seg rett og slett ikkje. Gøy hadde alle det likevel, og leiken skulle verte ein gjengongar på den seinare National Camp (som ikkje har skjedd enno).

Under ei runde i byen såg eg plutseleg ei høg bygning med openbart god utsikt. Med uvitenheit og mzungu power kom vi oss forbi vaktene og opp i øvste moglege etasje. Der oppdaga Phyneous at han hadde høgdeskrekk og aldri hadde teke ei heis før i sitt liv. Moro=)


Etter siste seminaret var vi inviterte til å sjå ein CHRISC-kamp i byen. I ettertid skjønte vi at det betydde at trenarane for begge laga var med i CHRISC og ikkje at alle var det. Likefullt var det moro, og eg hadde i tillegg min første oppheita krangel om prisnivå på inngongsbilletten og hudfarge=) På SWAHILI!


Christiano Ronaldo tek rennfart på ein farleg dødball.

For å feire endt oppdrag stakk eg og Helge på ein fin restaurant ved elvebreidda. På veg heim får vi praia denne snasne karen i sin Toyota Starlet med styling. Med seg i bilen hadde han, og dette er reine fakta, eit Whigfield-album. Og med slagerar som "Saturday night" råna vi oss heim til hotellet. Ei herleg oppleving!

Familie, fly og gnu

Er ganske fornøgd med samandraget i tittelen, men kan utbrodere litt for den som er interessert..

Det heile starta med at eg fekk overtala mamma til å vurdere Afrika som reisemål. Det var vanskeleg, men etter å ha påpeikt at i boka hennar om "20 steder å se før du dør" hadde Tanzania 2 av dei. Sann i tillegg til meg sjølvsagt. Ei stor takk til Ngorongoro-krateret og Zanzibar for den ekstra hjelpa.


Ein liten smakebit på seinare safariinnlegg. Ei herleg familie!

Litt erketypisk skjedde det vilt mange ting denne veka som familia mi kom. Dei første 4,5 månadane har ikkje akkurat gitt næring til stressplager, magesår og livsstilssjukdomar, men akkurat denne veka starta ting å skje. Som tidlegare nevnt kom eit filmteam ifrå Noreg, men ikkje nok med det. Beskjedar har ein tendens til ikkje bli skrivne opp her på CHRISC-kontoret, so sjølv om eg hadde fortalt om besøket mitt i tide og utide var det likevel eit sjokk for dei veka før. Då hadde ein på kontoret allereie planen klar om å reise til ein annan by og ha seminar der ilag med oss. Dette vart heldigvis utsett, også bloggmessig. Dette kjem so snart eg får skrive det og lasta opp bilete. Sistnevnte tek mest tid, då einaste moglegheit er å gå på ein spesifikk internettkafè i byen og gjere det der=) Sjarmerande Afrika!

Moviestar

"Sett mej einkvan plass før sei du? ..ja, det må vel vere den gongen ej va me i CHRISC - The reklame movie...verte no gjenkjend rett som det e....."

For kun to veke sidan var tre staute karar ifrå KRIK i Noreg på besøk for å filme ein reklamevideo for CHRISC i Aust-Afrika. Tanzania var det landet dei eigentleg ikkje hadde tenkt å filme so mykje i, men etter at dei såg kor fotogene vi var her vart det både ein råfilm og ein rå film eller to. Det at vi eigentleg ikkje var verken hovudrolleinnehavarar eller i den opprinnelege planen gjorde oss ingenting, og eg må seie at eg satsar på å sole meg i glansen heilt fram til eg stikk heim att til Noreg!



So alle som er interesserte, leit etter CHRISC - The reklame movie i din næraste videosjappe og bla opp under tabbeklippdelen eller "Uncut version". Der finne dokke sikkert to spreke unge menn med CHRISC på kassa=)

søndag 15. februar 2009

Besøk av Bildøy Bibelskule

Avogtil skjer det at vi får besøk ifrå Noreg av skular, og 10. februar skjedde det igjen. Frå før av kjenner eg veldig godt ein av lærarane, Magnus, so det var ekstra kjekt denne gongen. At gjengen var ein strålande herleg gjeng sette ytterlegare ein spiss på vitjinga. Etter lang mailkorrespondanse og pratar med folk på kontoret fann vi i fellesskap ut eit godt program. Nokoav det første som stod på tapeten var besøk til ein nykristna masailandsby for å sjå kor dette livet såg ut. Vi har gjort det same før med ein ikkje-namngitt folkehøgskule med hell, og tenkte at dette var bankers. Ei revurdering av dette utsagnet måtte imidlertid gjerast etter besøket...


Magnus til venstre og ein gamal ruttis av ein masai til høgre.

For Bildøy klarte å kommunisere med landsbyen på ein heilt spesiell måte. Det heile utvikla seg til ein slags salme-battling. Litt betre forklart havna alle i ein stor sirkel og so var det kvar sin tur av lokale og gjestar å framføre ein song eller dans. Bildøy var ikkje heilt førebudd på dette, men drog det iland med 3-stemte bordvers og jenka. Fantastisk og herleg på same tid! So å kalle det bankers er ei stor underdriving=)


Første par ut..

<br />Rutinert nok hadde Bildøy med seg passe mengder ballongar som var skikkeleg populært.
..og Bildøy svarar. Jenka er universelt


Rutinert nok hadde Bildøy med seg passe mengder ballongar som var skikkeleg populært.


Eit hjarteleg handtrykk mellom dei to flokkleiarane runda av besøket.

torsdag 12. februar 2009

Onkel Blå

Her forleden sa eg til nokon at no var eg blitt so husvarm her i Tanzania at eg kom til å bli rana snart. I forgårs var det ein som tok meg på ordet..

Vi hadde nettopp spelt ein "bedrifts"-"venskaps"-"kamp" for CHRISC mot TNA som er Tanzanian National Army. Ja, det stemmer, hæren kan spele fotball. Etter kampen, som enda 1-1 og var meir drit enn magisk, var vi slitne og sette navlen i retning heimen igjen. Men ja, tjuveriet. Det heile var so enkelt som at eg tok fram pengar til å betale dalladallaen (minibuss) og la lommeboka i topploket på sekken igjen. Der var den ikkje når eg var vel heime. Visakort, lappen og nesten ei månadsløn for ein grunnskulelærar i cash. Skal tjuven leve på grensa til absolutt fattigdom (1 USD om dagen) vil han kunne leve på denne fangsten i litt over 2 månader. Vil han heller leve som turist her, og dette er nok vesentleg meir sannsynleg då "morgondag" er eit ukjend begrep som ikkje kan eller bør takast seriøst, held nok pengane litt under 2 dagar. Det spørs litt kor mange Mt. Kilimanjaro-solhattar og maasaispyd han vil ha..

Menmen, verda fall ikkje i grus sjølv om tapet var forsmedeleg. Og dagen etter skulle eg på politistasjonen for å melde brotsverket. Og høyr no, no kjem det..

No har eg aldri trampa ned dørstokkane til onkel Blå før, og visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Det var iallefall ei sunn inngongshaldning ser eg i etterkant. Eg møter opp, med bukse og skjorte for å verke mindre kvit, litt etter lunsj og stiller meg ved "skranken". Folk står, sit og ligg litt overalt, og skranken verkar meir som ein molo med hav på begge sider enn ein stad for betjening. "Bak" skranken, ved ein vegg, sit/ligg ein kar som grin høgt og dramatisk til ei dame der. Denne dama berre heng og gjer ingenting, bortsett frå å irettesetje grinaren avogtil. Ved sida av denne dama sit ein tynn, og litt full eller gal, mann med eine sida av hovudet barbert pga det enorme kjøtsåret han har i hovudbotnen. Eg må kike fleire gongar for å sjå om han har "hol i haudet" på ekte, men kjem til at det har han trulegvis ikkje. Han vimsar òg litt rundt og truar grinaren litt med lite skremmande sparke- og slågestar. Det luktar sterkt av maling overalt, og dette skuldast ein heilt kvit- og blåflekkete malar som er i ferd med å renovere politihuset på ein slurvete måte. Ein politimann står ved skranken og betjenar ein kar, medan 3-4 andre eksemplar av lovens lange barm står og ser på det same som meg.

Etter ca ti minutt med dette tek eg mot til meg og bryt inn i praten til ei av dei lange barmane for å få hjelp. Då tek ting til å skje, og etter kun 20 minutt kjem ein kar og skriv eit saksnummer på ein papirbit til meg. Med den skal eg opp i 2. etg og betale 2,50, for deretter å gå ned att og inn 2. rom på høgre hand.

Som fortalt, so gjort. I 2. etg venta eg berre 5 min, og eg fekk ein ny lapp. Den var gul, og i tillegg til saksnummer stod det òg namnet mitt. Iallefall sann omtrent mitt namn. Vel nede i første etasje igjen venta eg berre 10 min for å bli "ekspedert" av ei resignert politidame i eit rom møblert med ark, permar og rapportbøker. Eg gir ho den gule lappen. Den landar på kontorpulten. Ho sukkar og fortset med det ho gjorde på. Etter nye 10 min kjem den blåkvite malemannen inn på rommet og feiar over veggen med kosten. Og so skjer det noko, endeleg. Politidama, la oss kalle ho Nancy, har funne fram eit skjema og gir til meg. So seier ho at eg skal gå over gata til "contain" og få to "photocopy". Eg nøler, men hoppar i det og går ut. Det er nemleg eit politibygg på andre sida, og eg tenkjer at "der må sikkert nokon stå og ta imot og vite kva eg eigentleg skal gjere". På veg over gata til politistasjon nr 2 ser eg ein spraglete container som tek kopiar. Nancy var altso tom for skjema og sende meg for å ta ein kopi. Eg tek 2.

Vel tilbake på kontoret til Nancy er eg at kopi nr 2 vekkjer litt lettelse, for ellers hadde Arusha politistasjon vore utan skjema til neste person som skal anmelde ei sak. Ho treng nemleg begge kopiane for saka mi. Og no byrjar ballen å rulle, for etter kun 5 min startar ho å skrive saksnummeret og "namnet" mitt på skjemaet. Etter kvart kjem vi til kva eg har mista og ikkje, bortsett frå eit avbrot eller fem av kollegaer som kjem og seier hei. Ein av dei presterar å seie "pole na kazi" som best kan omsetjast til "eg kondolerar fordi du har arbeid". Eg legg rundt desse tider merke til ei dame til som sit i eine hjørnet på kontoret utan å seie noko. Eg såg ho i starten òg, men no byrjar det å verte litt rart. Eg let ho vere enn so lenge..ho Birgitte.

No er vi som sagt på ein "roll", og snart går Nancy ut med skjemaet i to eksemplar og den gule lappen. Eg er henvist til ein kubbestol sidan det kanskje kan ta eit minutt eller to. Eg let den nyflekka kubbestolen vere der den er og finn heller ein riglafengjen stol utan maling på. Eg og Birgitte. Etter ei stund kjem Nancy tilbake utan noko framgong i papirmølla, ho manglar enno ein signatur. Men kun 10 min etter freistar ho på nytt. Birgitte har skifta stilling til klassisk sovestilling med stol og bord og er ikkje mykje underhaldning i. Eg ser ut vindaget i staden og ser ein liten, tynn mann som skubbar ein bil med ein stor mann i over parkeringsplassen. Og plutseleg går Nancy forbi med ein kollega. Heldigvis med mine papir i handa..

No har medvinden i saka løya, og ingenting skjer. Eg er i ferd med å verte litt svimmel av malinga i rommet, for sjølv om her kun er gitter og ikkje vindauge hjelp det lite når det ikkje er vind. Eg vert òg kjend med eit par tre kollegaer som stikk hovudet inn, men ellers lite. Ein eldre kollega går bort til Birgitte og stikk ho 6-7 gongar med batongen for å høyre kor det går. Og no får eg første gong ei aning om at Birgitte kanskje ikkje er her pga opptrening til å verte politi eller OD eller noko slikt. Ho er tydelegvis lei seg, og med min spartanske swahili kjem eg til at det har noko med 900 000 shilling å gjere. Ouch. Det tilsvarar omtrent 4-5000 NKR, og kan nok neppe skaffast inn att med mindre ho har ein uvanleg god jobb. Og på sukkinga verkar det ikkje slik. Eg spør kva som er gale, men ho vil ikkje svare. Og no er det ikkje like gøy å kike på eit ikkje-fungerande politivesen lenger..

Etter 40 minutt har ein av dei som stakk hovudet inn for 3. gong sett at eg ventar, og går og finn Nancy. Eller, iallefall papira mine, og det er no det viktigaste. Eg forlet tause Birgitte med eit "Good luck" og går ut. På parkeringsplassen går eg forbi Nancy, som er godt inne i ein samtale med ei kolleginne. Smilar, helsar og flirar.

Sann ifrå spøk, men sanning, og over til alvor. På den eine sida:
Det tanzanianske politiet er korrupt, ineffektive og Nancy spurte aldri kvar eg hadde blitt fråstjelt lommeboka. Ei etterforsking vil nok ikkje starte opp i dette århundret, men det er no greitt nok i mitt tilfelle. Litt verre for Birgitte og 40 millionar andre tanzanianarar.
Men på den andre sida:
Politi er eit lavtlønsyrke deluks her i landet, og har lite midlar som når ut til å betre sjølve politiarbeidet. På kontoret til Nancy var det utfylte skjema i stablar i alle hyller og brukbare areal, og malingseimen er meir enn god nok grunn til å ta seg ei ekstra pause.

So, til den norske stat: Viss dokke he tid og penga so kan dokke godt introdusere IT til det tanzanianske politiet. Og helst ikkje berre dump 2000 Dellmaskiner utfor døra deira og legge ved 3 eksemplar av "Windows for dummies", for det kjem aldri til å funke!