
Som vi ser er sjåføren litt etter skjema ifølgje speedometeret. Legg merke til det vertikale panelet med knappar, det er alle alternative tutelydane han har tilgjengeleg. Og ikkje alle varer under 5 sekund. Vanleg prosedyre var å daske handa borti 3-4 av knappane og deretter litt opp og ned kvar gong det kom ei folkemengd eller ein kjenning.
Det som viste seg var at heile Mwanza er full av denne spesielle steinformasjonen her, og byen er omkransa av åsar som ser ut som har ein halv Stonehenge oppå seg. Utruleg stileg, og etter kvart kom eg til at dette var ei god erstaning for menn med sminke og gitarar med rakettutskytingsrampe. Byen var skikkeleg fin, og det var ei fryd å berre gå rundt og kike i gatene.

Phyneous skodar ut over Victoriasjøen. Han er forresten ifrå utkanten av Mwanza.

På trass av dette hadde han aldri vore oppå denne steinen i sentrum. Det vart det ein stopp på, heldigvis.

Mwanza - Rock City frå ein annan vinkel.
Seminaret, derimot, gjekk ikkje like vakkert for seg. Det starta relativt dårleg med at kun 4 av 15 deltakarar hadde møtt opp etter 45 min. Litt før 10, etter ca 1,5-2 timar, kom vi imodlertid i gong med omtrent rett antal deltakarar. Vi hadde spanande tema på papiret som til dømes hjarte-lungeredning, støttebandasjer - "how to?" og båre - Macgyver style.

Phyneous og CHRISC-leiar i Mwanza, Wallace, med ei "kva var det eg sa"-mine ein halvtime etter "starten".

Helge viser hjartestartarteknikken på dokka vi hadde med.

Vi la stor vekt på praksis, og alle fekk teste ut alt vi lærte dei.

Under pausene hadde vi leikar. Her freistar vi å lære vekk Hi-Ha-Ho/sherriff-leiken, med overraskande lite hell. Det stod slett ikkje på vilje eller innsats, men det ville seg rett og slett ikkje. Gøy hadde alle det likevel, og leiken skulle verte ein gjengongar på den seinare National Camp (som ikkje har skjedd enno).
Under ei runde i byen såg eg plutseleg ei høg bygning med openbart god utsikt. Med uvitenheit og mzungu power kom vi oss forbi vaktene og opp i øvste moglege etasje. Der oppdaga Phyneous at han hadde høgdeskrekk og aldri hadde teke ei heis før i sitt liv. Moro=)

Etter siste seminaret var vi inviterte til å sjå ein CHRISC-kamp i byen. I ettertid skjønte vi at det betydde at trenarane for begge laga var med i CHRISC og ikkje at alle var det. Likefullt var det moro, og eg hadde i tillegg min første oppheita krangel om prisnivå på inngongsbilletten og hudfarge=) På SWAHILI!

Christiano Ronaldo tek rennfart på ein farleg dødball.
For å feire endt oppdrag stakk eg og Helge på ein fin restaurant ved elvebreidda. På veg heim får vi praia denne snasne karen i sin Toyota Starlet med styling. Med seg i bilen hadde han, og dette er reine fakta, eit Whigfield-album. Og med slagerar som "Saturday night" råna vi oss heim til hotellet. Ei herleg oppleving!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar