torsdag 26. mars 2009

Bildøy Cup – 1 cup for livet

Etter Bildøy bibelskule si Mbulu region-rundreise stakk dei tilbake til Arusha og oss. Dette var veldig kjekt, spesielt sidan den herlege gjengen no var blitt ein husvarm og herleg gjeng. Den 21. mars braka det laust på Sheik eittelleranna Stadium, Arusha sitt svar på Høddvoll stadion, og eg hadde hatt mykje førebuingsarbeid i forkant. Eg var naturlegvis spent, sidan i overkant mykje av arbeidet skulle bli gjort same morgon. På førehand hadde eg laga eit excel-ark av dei heilt sjeldne for å halde styr på alt ifrå gruppespel, målforskjell, vinnarar og ikkje minst...tidsskjema. Tilogmed den uoppmerksame lesar kan her skjøne at det var meir som kunne gå gale enn som kunne gå bra. Oppmerksam som eg var hadde eg laga tidsskjemaet til slik at ein til ei kvar tid kunne gå inn og setje inn "Actual time of start", og alt etter dette vart retta etter dette. Dette skulle vise seg å vere både genialt og ikkje naudsynt i det heile.

Eg sjølv var skuld i ein halvtimes forseinking ifrå starten av, og ein revirhissig banemeister la på ein ekstra halvtime oppå dette fordi han ikkje ville låne ut oppmerkingsvogna til oss. Same banemeister, la oss kalle han Roy, stifta eg bekjentskap med dagen før, då eg blei med ansvarleg-for-å-leige-stadion-Joseph for å forhandle. Joseph hadde besøkt Roy 4 gongar før på "kontoret" "hans" utan å heilt kome igjennom vedkomande sitt ego, so denne gongen tilbaud eg meg å vere med for å yte litt ekstra pondus til Joseph med heilskjegget og mi kvite hud. Pinleg nok for Roy funka dette optimalt, og hugen kunne endeleg få litt ro fram mot turneringa neste dag.

Bildøy hadde frå før fått so lite informasjon som mogleg, men tok dette med eit smil. Volleyballseminara undervegs i cupen som vi hadde hatt store og visjonære planar om i forkant vart vel teke med eit smil det òg, mykje grunna standhaftige og stolte cupdomarar som nekta å legge frå seg FIFA-reglementet med overtidstillegg i kvar omgong. Det vart i tillegg litt krangel om regelen om å måtte ha minst 3 jenter på bana til ei kvar eigentleg skulle vere "max 3 jenter på bana til ei kvar tid". Det var den einaste logiske slutninga for dei, sidan jenter er dårlegare i fotball og sann..

Ja, men det e faktisk sant. Alle veit det, men det ekje politisk korrekt å sei det.

Begrepet rein takling har eit litt meir nyansert innhald her i Afrika enn heime.


Litt skrammer her og der må ein rekne med under ei slik tilstelning.

Kontorkompis, og tilsett i CHRISC, Phyneous viste eit uoppdaga talent som pratmakar på høgtalaranlegget og var i tillegg den einaste som kunne få den innleigde DJ-en til å la vere å spele musikk nokre få sekund. Tanzaniansk bongo flava kan vere kult til tider, men altso ikkje i dag. At eg vakna med 38,5 i feber denne dagen og var tungt dopa ned på paracet samt at høgtalarane stod 1,3 meter ifrå sekreteriatet gjorde sitt til dette. Men Phyneous heldt ut heile vegen i sekreteriatet og klarte å formidle beskjedar på swahili som tydelegvis vart forstått korrekt. Heilt strålande! Til ære for P Diddy tek eg med eit bilete heilt ut av samanhengen av han og ammande masaiar.

Og ja, masaimamaen helde ein ballong ho fekk med Bildøy, og e stolt av det!


Straffer skulle takast utan tilløp for å kompensere for liten 16-meter og skjøre mål.

Tidlegare år har Bildøy lete vere å toppe dei to laga dei stiller, og dette har ført til mykje glede og fellesskap på bekostning av sportslege resultat. CHRISC har kun sett dei sportslege resultata, og var relativt bråkjekke i forkant av cupen. Det dei ikkje visste var at i år skulle Bildøy reise kjerringa og stilte med eit av to lag som var toppa. Stor var undringa då dei sendte både CHRISC Arusha og St. James Church sine lag rett ut i gruppespelet. Ei cupbombe på størrelse med då Hødd slo ut Rosenborg på straffer i NM var eit faktum, og folket jubla. Favoritdödaren Bildøy vart diverre eit nummer for små i semifinala, og tapte i tillegg bronsefinala på nokre tvilsame avgjersler i straffesparkkonkurransa.



Semifinala enda med at Bravo FC gjekk vidare til finale, medan Bildøy måtte bite i den sure gnuen og spele bronsefinale. Stemninga etter kampen var allikevel god, og på biletet ser vi Magnus gratulere den kontinuerleg dansande keeperen til Bravo FC.


Bildøy var ute på isen fleire gongar mot CHRISC Moshi, og må seiast å vere heldige som kom seg til straffesparkkonkurransa.


Heroisk og konsentrert keeper for Bildøy i den skandalebefengte bronsefinala.

Bibelskulen var i tillegg til å vere hovudgjestar i sin eigen cup ansvarlege for å halde ei andakt i pausa. Dei gjekk for eit dristig alternativ med å dramatisere likninga om den bortkomne sonen, men vrien gjekk rett heim hjå deltakarane og det vart faktisk ei stille pause ifrå fotballdiskusjonane rundt omkring på tribuna. På biletet ser vi Henry som Jesus og Magnus som bortkomen son i den dramatiske og avgjerande toppaugneblunken til likninga.


Biletet er kjempedårleg med tanke på det meste av fargar og utsnitt, men det gir ej blanke i for det var ein viktig del av cupen og må forteljast likefullt.

Bildøy var ikkje heilt tilfredse med å ta til takke med 4. plass etter at domaren dømde ei straffe ut etter å ha gått i tverrliggaren og, med videobevis ifølgje Bildøyrektor Amund, inn i mål før den gjekk ut att. Under ein gåtur i byen ei stund etter turneringa såg imidlertid Bildøy CHRISC Moshi, som hadde slått dei i bronsefinala, køyre rundt i ein innleigd dalladalla (grovstyla minibuss) med alle menn og maks tre kvinner samt ein stykk pokal henge ut vindauget på si sigersrunde i byen. Då desse fekk auge på Bildøy var det, ifølgje Magnus, ingen ende på jubelen og hoiinga. Den norske delegasjonen kom til at det kanskje var like greitt at dei fekk 4. plass når dei såg gleda i augene til denne gjengen..

Ingen kommentarer: