torsdag 9. oktober 2008

Onkel reisande Mac


Jambo godtfolk! No har eg endeleg roa på meg til å skrive eit innlegg! Internett vart funne opp litt seint her i Tanzania, og dei er vel komne til modem-stadiet sann hastigheitsmessig. Dette gjer at både eg og Helge må tenke kreativt når det gjeld å oppdatere bloggane våre! Bilete av Arusha og Helge vil kome på sikt!

Ting har, på ein merkeleg måte, begynt å gå seg til her nede i Arusha. Det er ein sjarmerande plass! Folka på CHRISC-kontoret har nok å gjere med å svare på spørsmål frå oss, vise oss rundt og passe på at vi ikkje vert overkøyrde i trafikken. Eg kjenner eg gler meg veldig til den dagen vi klarer oss sjølve her!

Vi var på vår første CHRISC-trening på tysdag, og inntrykket etterpå er at desse karane leikar ikkje butikk! Det går stort sett i seriøse fotballøvelsar, med kjegler og trenar med fløyte. Fotballbana er hakket mindre profesjonell; det er eit jorde, vel å merke utan gras, med små haugar og tørrlagte elveleie. Målområdet spesielt er ein fest!

Det som kanskje er mest spesielt med Afrika so langt er at alt eg synest er rart er so naturleg for alle andre! At ei ku kom inn som høgreving på motstandarlaget mitt midtveis i CHRISC-treninga, eller at ein hane står og ser på oss igjennom vindauget midt i eit Strømme foundation general meeting ikkje vekkjer oppsikt, DET e rart det! Heldigvis har eg Helge med meg, som forøvrig innfrir alle forventninga!

Ellers so er minibussane/taxiane våre stappfulle her også, som ellers i verda=) I dag var det kun 15 i vår! LUKSUS!

3 kommentarer:

Gjermund sa...

Det jeg synes er rart er prioriteringen til motstanderens trener. Hadde jeg hatt en ku på laget ville jeg aldri satt den inn som høyreving. Kan ikke tenke meg den har spesielt med innleggsfot.. Nei, på tvers i målet som keeper hadde gjort seg!

aasen sa...

Så kjekt med oppdatering! Likte kyra og hanen,hehe. Kan tenke meg at "stenge-inne-latteren-i-meg"-faktoren var høg:)

Henrik sa...

Ja, det va heilt sjukt med den faktoren!

Og ser heilt klart fordelane me aa ha kyra som keeper. Einaste maa vere at det e fare for eit par Thomas Myhre i loepet av sesongen.