torsdag 4. desember 2008

Best i byen


Forrige helg arrangerte CHRISC ei best-av-dei-beste-turnering. CHRISC her i Arusha arrangerar eit heilt ligasystem for ungar under 12, 14 og 16 aar, og det er heile 5 soner rundt om. Vinnarane av desse braka saman i ein "final battle" paa Arusha stadion, "theatre of dreams", og med to mzunguar med ei jokerrolle. Helge var ikkje heilt i form etter ein lang og fortruleg nattleg samtale med elgen Helge og hadde ingen spesielle rolle anna enn aa vere mzungo og joker. Eg, som ikkje skulle verte sjuk foer seinare paa kvelden denne dagen hadde det aerefulle og tyngande vervet aa vere vatnansvarleg. Svaere greier, og eg er glad eg har 4 aars universitetsutdanning som ballast for aa klare oppgaava.

Det var ein kjekk dag, og spesielt artig var det aa sjaa litt av arbeidet som CHRISC gjer. I dette tilfellet var det aa leike NFF.

Kven kan la vere aa la seg sjarmere av to staute karar i solbriller og kottisar?

1 kommentar:

aasen sa...

God lesnad, Henrik. Likar skriveviset ditt! Saknar deg i jula allereie! Ser fram til mars:)