tirsdag 6. januar 2009

Bartekonkurranse

Eit anna fabuløst forslag til konkurranse, klekka ut av Madagaskar-Øyvin, var å konkurrere i bart. Nærare bestemt adventsbart. Det var om å gjere å spare for harde livet ifrå 1. desember og til julafta, og deretter bli vurdert av jurymedlemmar. Alle hjelpemiddel var tilletne. Vi fire stutane ifrå Austafrika tok dette særs alvorleg, og etter hard kniving var det duka 1. juledag for resultata. Og ein photoshoot av dei flaue og sjeldne. Eg har som regel ein høg terskel for denslags, men her var eg på kanten av det eg klarer å halde meg alvorleg til og utan å rødme.


Mitt bidrag kjem her, og med ein slu taktikk for å imponere hovuddommar og trønder Linn Silje kom eg høgt opp i Austafrikameisterskapet. Den naturlege taktikken ville vore å appellere til trønderen i Linn Silje, men sidan hockeyen blei teken rett før infield og mokkasinane mine trulegvis har flytta til Polen var dette ikkje eit alternativ. Eg tenkte difor eit steg lenger, og gjekk for den meir franske looken. LS har vore eit år i Quebec og kan fransk, og denne innfallsvinkelen tenkte eg ville gje best resultat. Det gjorde det.
Eg trakk det lengste strået, men kun slått med 3 poeng av ein delt andreplass mellom Helge og Fredrik. Anders mista mellom ei og to veker grunna slaskestell med å barbere seg, og kom sist på trass av eit klart favorittstempel grunna midtskill på ryggen allereie i ein alder av 24. Etter ein kort rådsslagning kom vi til at vi likevel stiller alle saman i verdsmeisterskapet, både i singel- og lagkonkurransa, for alle bartane var fantastiske på kvar sin måte. Etter eit kort blikk på andre bloggar og deltakarar i konkurransa tør eg, dog litt freidig, påstå at pallen er vår.

Stor takk til Linn Silje, Hanne og Marit for juryarbeidet og grundig bedømming av bartane.

1 kommentar:

boga sa...

Har en bartekonkurranse gående på oioi.blogg.no... Den der bør være med altså. Få med kompisene dine og da vet du!