tirsdag 6. januar 2009

Beste lokale antrekk

Allereie på Hald i september avtala eldsjeler i Austafrikagjengen at vi skulle ha ei særs morosam og uhøgtideleg konkurranse om kven som kunne stille opp på infieldkurset i desember med best lokalt antrekk. Og med best meinte vi eit antrekk som i størst mogleg grad ville frambringe ukontrollert latter, store auge og pustevanskar hjå dei andre. Eg hadde ein stereotyp av den jamne afrikanar at det gjekk mykje i blomster, fargar og volum når det gjaldt bekledning. I ettertid ser eg at eg må nyansere litt stereotypen min på dette punktet.

Det vart tidleg klart at jentene hadde eit enormt fortrinn i konkurransa i og med at det kun er afrikanske damer som kler seg "best". Menn går gjerne i kjedelege slacks eller gråbrungrøne dressbukser med ei lite "best" skjorte til. Damene derimot har gjerne dei villaste kreasjonane både til kvardags og fest, og med hattar og skaut du ikkje trudde fantest. Dei første vekene gjekk då med til innbitt tenking og fundering på korleis dette skulle konkurrerast mot.

Løysinga kom relativt tilfeldig, under ein samtale med Phyneous på kontoret. Etter samtalen var det klart at ein maasaidress var det einaste "best" alternativet.

Eit viktig kriterium for det lokale antrekket var at for å stille til start på infield måtte det vere brukt minst ein gong i full offentlegheit før infield. Helge tok ein sistelitenshopping i ein maasaishop siste skuledagen vår før infield, og eg børsta støv av dressen min og vart med på det store fesjået. Festen starta på CHRISC-kontoret, der passivmaasaien Aron, vår sjef, viste Helge kvar plagga skulle hengast på kroppen. Phyneous fulgte entusiastisk med og bistod med latter og hoiing der det trengdest.


Turen gjennom byen til swahiliskulen var ein dels flau og mest egoboostande oppleving. Det er kanskje den første og siste gongen i mitt liv at trafikk har stoppa opp når eg går på gata, men det må seiast at det er ein ganske god kjensle. Dagens swahiliord var utvilsomt "Pendeza!", eller "Attractive!" på engelsk. Det verste er at afrikanarar ikkje har ironi som språkleg verkemiddel, og difor meiner det. Eg og Helge smilte og vinka heile vegen, som kongelege på 17. mai, gjerne ispedd med nokre "Cool" og "Freshi".


Å halde på tre lendeklede i svak kuling kan imidlertid by på utfordringar.
Vår swahililærar og sekretøsa var henrykt over synet som møtte dei. Etter timen fekk vi sekretæren, Mama CoCo, til å ta bilete av oss og læraren, Bwana Sango. Det som etter kvart gjekk opp for meg var at å gi eit kamera til ei eldre afrikansk kvinne utan teknisk sans ikkje er einsbetydande med gode bilete. På 3. forsøket klarte ho å halde kameraet mot oss og ikkje si eiga kløft, og etter eit par forsøk til kom samanhengen mellom bilete på kameraskjermen og det tekne biletet snikande til ho. Etter 6-7 forsøk var smila blitt stive og Bwana Sango utilpass, so vi kalla det ein dag og takka pent for oss. Å sjå biletseria om att på kameraet var ein fest utan like, og dette biletet her er relativt beskrivande. Det er rett nok ikkje det beste mama CoCo tok, men det er det eg likar best likevel.


På veg tilbake til kontoret traff vi på fleire stk ekte maasaiar, som heldigvis ikkje tok det ille opp at vi ikledde oss bunadane deira. Eg hadde vel flira eg òg om ein av dei hadde kome i tjukk, svart vadmelsslacks og like tjukk, raud vadmelsskjorte på gata. Og pent strikka ullknestrømper med kneband.

Ingen kommentarer: