onsdag 28. januar 2009

Hjelp?

I forigårs skjedde det igjen, dette som er so vanskeleg å vite fasiten på. Ei ungvaksen dame stod i krysset vårt, attmed alle ungane vi brukar å løfte og hive rundt kvar dag, og venta på oss. Ho spurde meg korleis det gjekk og alt det der, og eg svarte etter beste evne. Eg hadde aldri sett ho før, og spurde om ho var ein av naboane våre. Det var ho ikkje, for ho var kome langvegs frå. Ho lurte på om eg hadde tid å prate med ho, for ho hadde pengeproblem. Ho viste meg ein lapp med prisar på skulegong for ungar, og so såg ho på meg med store, bedande auger...

Tidlegare på dagen hadde eg arrogant og frekt avfeia tre fillete og litt frekke ungar som ville ha flaskevatnet eg hadde, og deretter pengar når dei ikkje fekk flaska.

Tidlegare denne månaden måtte eg og Helge seie nei til ein ven i Chrisc som var i finansielle tronge tider.

Før jul kom ein nabogut som er sveisar bort til oss og ville ha 5000 TSZ (ca 4 dollar) til mat. Til samanlikning so åt vi førre lunsj for 1000 TSZ

Eg har ikkje tal på kor mange vitsar med dårleg skjulte poeng som oppfordrar meg til å la PC, eventuell motorsykkel og elles alt av verdi eg har liggje att hos Chrisc i Arusha.

Nokre situasjonar er lettare å svare nei i enn andre. I det første eksempelet gjekk eg derimot heim med ein pill råtten kjensle..

Det går sjølvsagt ikkje an å dele ut pengar til alle som kjem til nabolaget. Då står det kø neste morgon heilt ned til hovudvegen med andre som treng pengar like mykje, og heller meir. Men likevel..hadde dokke sett augene til den mora.

Heldigvis for meg er eg overbevist om at praksisplassen min her, CHRISC Tanzania, har 10 gongar meir bruk for mine og Helge sine organisatoriske evner enn pengane våre, om det so skulle vere millionar av kroner. Det er difor vi er her og det er her vi skal gjere ein forskjell.

Det er hardt å møte fattigdom i form av eit ansikt likevel, spesielt når ein tenkjer på at hjelpa vi er komne for å gje må gå vegen via hovuda til Chrisc-tilsette, deira initiativ og evner og ut i praksis med informasjonsarbeid om HIV/Aids, leiarskap, førstehjelp samt eit fritidstilbod utan rus og kriminalitet.

Til gjengjeld håper eg at det iallefall vil verte ei varig hjelp, sjølv om det ikkje er ei direkte hjelp, til sonen til denne mora. Kanskje.. Og tusenvis av andre mødre med søner i tillegg til denne eine..

2 kommentarer:

aasen sa...

Desse møta er sterke. Det er knallhardt å seie nei, men vurderinga di er rett, Henrik. Det du og Hlege kan utrette ahr ein verdi som gagnar alle. Stønad til einskilde fører lett til misunning og kø...

Henrik sa...

Takk for den Aasi. Men det e utfordrande når resultat for einskildpersona mest truleg uteblir medan vi e her. Kanskje om 5 år viss vi e heldige=)