fredag 30. januar 2009

He ej fortalt om den gongen ej gjekk mej oppå den derre Kilimanjaroen?


Meg med Tidemand og Gude-stil, Jærenjarle med tidlaus norsk mote og H-pac som American Outback Idol.

Det ryktast at H-unit he langt på veg passert firesifra antal ord på sitt innlegg om Kilimanjaroturen, so då gjer ikkje eg det. Om noko er uklart av hyttenamn, høgder over havet og relativ stigning i løpet av denne forteljinga kan dette trulegvis finnast på helgetur si side.

Eg kan no iallefall starte me min konklusjon av turen. På førehand var skalaen sett til å flyte mellom drit, drit og magisk, og magisk, og kurva mi i skrivande augneblunk ser slik ut:


Det må leggast til at når ej va på veg ned att til hotellet og i dagane etter so låg eg lenger til venstre enn eg gjer no. Eit positivt trekk ved fjellturen der altso.

Det heile starta med at Helge sin kompis, Jærjarle, var sugen på revansje etter eit forsmedeleg uavgjort mot fjellet for to år sidan. Helge var veldig gira på å ha gjort Kili når vi først var her, og eg...tja, det e no kjekt å fare på tur. Og eg satsa hardt på at glansen av toppen skulle drive eg til stordåd attmed dei andre. Eg fekk høyre at det krevdest enorm vilje og lyst for å kome opp til toppen, og dette gjorde meg, med rette, uroleg. Eg satsa likevel friskt på at dette var piece of kvefjordkake, og at eg innan få dagar skulle kunne heise flagget og fire buksa på toppen.

Team Helgetur med ein eller annan haug i bakgrunnen.

Eg prøvde etter beste evne å innføre "personleg ting" på turen, altso ein hemmeleg ting som det er absurd eller rasande festleg å drage fram ifrå sekken på toppen, men mottakinga var laber. Men etter litt modning var det likevel ein slags einigheit om dette. Litt mot reglementet so var ikkje denne tingen heilt hemmeleg likevel, og det kom fort fram at eg hadde med munnspel og Helge hadde melodikaen sin. Eg vurderte lenge å ta med varmt vatn opp i tilfelle munnspelet skulle fryse fast i leppene eller ekspedisjonsskjegget, men slo det frå meg etter kvart. I dag veit eg betre....

Tolla..

Vi starta med ei natt på Marangu hotell, oppkalla etter ruta vi valde å ta. So langt, so bra. Vi fekk ei god innføring av Desmond, ein erkebrite med kakishorts og sideskill for anledninga, om ting som var teite og mindre teite å gjere på turen. På kvelden hadde tilogmed hotellet ordna det til med ei tilsettinne som skulle sjekke over at eg hadde med meg det eg trengde for å overleve. Dette viste seg å vere ei av vaskedamene, som forøvrig var veldig hyggeleg, men likevel..kun mitt stolte sjølvbilete av å vere norsk fjellmann hindra meg i å få eit nervøst samanbrot på dette tidspunktet. Stoltheit kan brukast til so mangt..

Med to fotoentusiastar med på turen var det lite som ikkje vart behørig dokumentert. Sann utanom toppstøtdagen sjølvsagt, for då var vi i ørska alle samen.

Morgonen etter sette team Ej og team Helgetur ut i den store verda, kalla Kilimanjaro og omegn, med stokk, solkrem og ein lett turistaktig Mt. Kilimanjaro 5895 meter-hatt. Den hadde eg haia til meg etter ein lengre samtale med Nixon, ein av mine homies ifrå gateseljarmiljøet i Arusha, for den nette sum av 20 kr. Eg gjorde eit poeng ut av at eg skulle ha Mt. Kilimanjaro-emblemet vendt bakover fram til eg hadde vore på toppen. Ingen vits i å selje skinnet før gnuen er skoten og alt det der..

Helge sitt bilete. Takk=)

Vi hadde fått beskjed av Desmond om å gå slowly slowly, eller polepole på hanglabanglaspråket, og Helge hadde i tillegg full kontroll med GPSen sin på kor mange høgdemeter vi steig i timen og mykje anna statistisk materiale rundt dette. Vi hadde lete oss fortelje av mange andre at polepole kom vi til å verte ubeskriveleg lei av å høyre undervegs, og stor var difor vår undring då vi måtte minne guiden vår på dette gjentatte gongar heile vegen opp. Ting kunne tyde på at han ikkje var gira på eit toppstøt og ville køyre oss fast i høgdesjukefella, og vi tenkte alle vårt om kva slags tur dette skulle verte..ein er liksom tapt bak ein gnu om ein ikkje har guidar, berarar eller kokk med på laget.

Horombo hut med nabofjellet Mawenzi i bakgrunnen. Heilt ok solnedgong=)

Turen opp til første hytte var heilt fantastisk kva tropisk skog, turglede og god mat angikk. Opp til andre hytta bytta vi ut tropisk skog med eit strålande utsyn og fagre åsar, men elles var oppskrifta uendra. Andre hytta heiter forresten Horombo, og her vart vi to netter sidan vi hadde lagt inn ein ekstra akklimatiseringsdag her. Denne dagen utnytta vi godt til å gå ein tur og gløtte på Zebra rock og til å hooke opp Helge med ei sverigerinne. Uheldigvis måtte denne lovande relasjonen avbrytast, då ho måtte sendast ned att i relativt pjuskete forfatning grunna høgdesjuke. So mykje for den sinnrike assisten som Jæris hadde lagt opp med. Jarles 2 var vonbrotne, sjølv om Helge såg ut til å ta det fint.
På utsida..

Meg og Zebra Rock...og ein koffert.


Teama og hovudguide Howard ved Zebraveggen. Ikkje la dykk lure av det triste uttrykket til Howard, han var eigentleg kjempeglad for å vere på tur med oss.

Når siste kvelden på Horombo nærma seg kom òg spenninga og nervane. Det som no stod framføre oss skulle avgjere suksessen til ekspedisjonen, og vårt omdøme i ettertid. Mykje stod altso på spel. Morgondagens timeplan såg slik ut:

1.Stå opp kl 07:00 og ete graut og proper English breakfast.
2.Gå so sakte som mogleg opp til Kibo hut på 4700 m.o.h. ved foten av haugen. (Opp 1000 m der altso)
3.Slappe av litt og ete so mykje mat som magen klarer å halde på, gå på do og prøve å sove. (Rart kva høgde kan gjere med alt innanfor kroppens fire veggar)
4.Stå opp kl 22:30 for å ete meir. Lett som ein plett..Not...
5.Not Not..(Gjerne med Boratstemme)
6.Gå 1000 høgdemeter til opp i mørket.
7.Gå 300 høgdemeter til opp.
8.Ta bilete
9.Snuble i rask takt ned att 300 h.m.
10.Sklisnuble i springetempo ned 1000 h.m.
11.Slappe litt av og ete litt mat.
12. Gå halvt i ørska ned 1000 h.m. til Horombo
13.Et litt mat og velt deg oppi næraste seng.

Tunet til Kibo Hut, ved foten av marebakken.

Vi følgde skjemaet ganske bra, bortsett frå litt ekstra krydder her og der. Ifrå omtrent 5400 m.o.h. hadde Jallis lite krefter igjen, Helge klarde ikkje å få plass til fleire pust imellom innhaleringane og eg hadde ein gnu inni hovudet som ville ut i tillegg til aukande kvalme. Ikkje umogleg at det var ein gnu inne i biletet der òg..

Vi vart raskt passert av ein gjeng eplekjekke gamle sveitserar, ein aldrande tyskar som alle kalla Opa, i tillegg til eit yngre par der mannen bar på ein OL 2008 Czech Team ryggsekk. Gamblingtendensane kom snart til overflata og eg sette ein Twix på at han var med på det tsjekkiske vannpololaget. Jærle sette eit grønt e-stoffgodteri på at han var med på basketlandslaget medan Helge meinte det måtte vere eit eller anna innan friidrett. Han måtte setje to Bounty på dette då det var litt for lite spesifikt. So Petr Czech lookalike, viss du ser dette, ikkje nøl med å ta kontakt og gje oss rett svar!

Vi kontrapasserte dei eplesveitserane først, der vi feia forbi dei i jamt tempo. Rett nok ikkje utan å få slengt ein, sikkert velmeint, «Lillihamer Express» etter oss. Lenger oppe i bakken passerte vi Opa, som hadde seg ei av fleire spypauser. Petr og kviga nådde vi ikkje igjen diverre, men vi grusa dei på veg ned att då Petr halta verre og måtte støttast opp av ein ikkje veldig svær guide. In your faces..

Punktet der vi for første gong er på kraterkanten heiter Gilmans Point, eller Jarles Point frå no av, for det var her han måtte erklære uavgjort med fjellet sist gong. Mange seier at ein har bestige Kilimanjaro ved å nå dette punktet, men dette er berre tåkeprat. Ein 3-poengar kan kun hentast heim ved å nå Uhuru Peak på 5895 m.o.h., gjerne akkompagnert av sviktande føter, skallebank, førre måltid omtrent på høgde med øyrene og begynnande lungeødem.

Sigersbiletet av oss på toppen av den høgaste haugen.

Turen bort til toppen ifrå Jarles Point er berre med 300 meter stigning totalt og skulle vere som ein leik, om enn ein veldig tung leik. Dette stemmer på ingen måte! Gnuen i hovudet og den mellom øyrene vart meir utålmodige, i tillegg til at kraterkanten har minst 3 eller fleire luretoppar før Uhuru Peak. Spørs kor intenst ein ser etter moglege toppar. Men fram kom vi, og Jarle fekk ein etterlengta revansje. Der var det berre å stille seg litt i kø for å verte teken bilete av attmed skiltet på toppen, ete litt sjokolade og verte jaga nedover igjen av hovudguide Howard. Eg gløymte heilt av at eg hadde teke med videokamera og munnspel, og Helge var heller ikkje med på notane. Istaden var det lett jogg nedover att so fort som råd for å legge att høgdesjuka.

Ej satt na på toppen, diverre utan standard bekledning. Rart kva som går i gløymeboka når det einaste ein har i magen, ein fattig litan Twix-twist og venstre bakfot til ein marsipangris, ikkje er nøgd med tilværelsen.


Helge og Jarlis i obligatorisk komagange ned ifrå toppen.

Den oppmerksame «skal berre kike innom»-bloggar vil kanskje sjå på biletet og undrast over den litt uortodokse bekledninga vår. For min eigen del var den som følgjer:
1.Ull-t-skjorte, ullstillongs og ullsokkar
2.Ullskjorte og ullstillongs
3.Ullskjorte og fjellbukse
4.Ullgensar og lånt regnbukse
5.DUNJAKKE

For den som ikkje har ei dunjakke på seg enno; Jogg og kjøp, og ta den på snarast! Måtte rett nok gå med dunjakka og ullgenseren relativt opne heile turen opp, men du hjelpe meg kor praktisk å kle på seg på toppen ved å zippe igjen to glidelåsar istadenfor å vase rundt i sekken og kulingen.

Gjengen ved Jarles Point på veg ned att. Biletet lyg, for ingen var like glad som vi gav uttrykk for.

Ifrå Jarles Point og ned til Kibo hut gjekk det radig ved å skli ned den bratte marebakken i den lause grusen vi hadde lista oss opp på. Tanken om å verte kvitt skallebanken gjorde at det gjekk enda raskare, og støvskya etter Howard framføre meg sla heller ingen dempar på viljen til å kome framføre.

Opa og Oma i heit omfavning i solnedgongen på Horombo. Lik allversjakke er stil.

Deretter drog vi no ned att til Horombo, før vi stupte ned nesten 2000 høgdemeter til den neste dagen og kom i mål ved inngongen til Kilimanjaro National Park. Ein flott gjennomført tur ifrå begge teama, men som ikkje freistar til gjentaking.

Meg og min faste følgjesven, stokken Desmond, på veg ned att. Hatten er snudd rett veg etter den store triumfen på haugen.


Typiske berarar, med mesteparten av bagasjen på hovudet. Meg inn frå høgre.


Tipse- og spanderingsrunde etter ein kjapp dusj på hotellet med heile crewet vårt. Legg merke til Howard cent litt til venstre for midten.

Ein spesiell takk må rettast til Jarle som etter lang tids sjokoladestreik hadde gitt seg sjølv lov til å nyte Kvikklunsj på 5895 m.o.h., men som gløymde det heile og nekta seinare å ete dei 5-6 sjokoladane som no ligg i vårt kjøleskap. Ka du gir mej..
Jarle, det va veldig kjekt å treffe dej og vere på tur me dej! Du e kul, som biletet viser.

Biletet som viser.

No i ettertid ser eg at mitt eige blogginnlegg kjem på omtrent like mange ord som H cent sitt, og mitt sleivspark mot han kjem då sikkert rett attende i mine andlet. Menmen, e berre ein ting å sei om det:

2 kommentarer:

Gjermund sa...

Godt skrevet, artig og lese :)
Synd det ikke er 5895 meter med skikjøring i pudder på vei ned... Høres ut som om dere hadde fortjent det :)

Christine sa...

Ha ha ha, ej ler godt igjen! Spesielt godt av bilde der du kjeme inn frå høgre! Morro! :)
Bra dokke he de bra der nede, og ej e veldig imponerte ta at dokke kom dokke opp på dinna derre Kilimanjaroen! Hels! Hey