mandag 5. januar 2009

Tilbake til "heimen"

No har eg kome tilbake til Arusha, byen med få gateseljarar og behageleg temperatur, og fått sove ut. Ei lita strek i rekninga var at vi ikkje hadde vatn heime, men det er rart kva ein finn berre ein leitar litt rundt.

Det har blitt mange inntrykk og mange opplevingar sidan sist innlegg, ikkje minst sidan vi har vore på infieldkurs og ferie. Veldig kort fortalt er infieldkurs at ein lærar eller to kjem ned til regionen vår og samlar alle oss elevane her til hygge, oppsummering, læring, evaluering, reparering, mekanering...Om du vil vite meir detaljar og nøyaktige fakta er det berre å gå til Helge sin blogg. Dette gjeld nok generelt for heile feria vår òg, då eg likar å skrive om pussige ting heller enn fakta.

Bortsett frå å sjå igjen alle gode vener på infieldkurset i Jinja, Uganda var kanskje strekkhopp det artigaste eg gjorde. Eg treng gjerne ein sommar med tinderangling for å verte kvitt høgdeskrekk- og respekt, og eg hadde då i so måte ei veldig dårleg opplading til dette "vågestykket". Helge, som har eit snev av høgdeskrekk, og eg hadde diskutert dette før infield og konkludert med at minst 2 av jentene var galne nok i hovudet til å skulle hoppe. Og dermed overlate ingen andre alternativ for oss òg..


Vel oppe i tårnet der galskapen skulle foregå stod vi alle 6 spente og nervøse, medan vår vikarierande lærar Ole Asbjørn dokumenterte lenge og vel med videokamera. Gjerne ispedd med latter og kommentarar på sørlandsk som til dømes "Oj, kjenner dere hvordan tårnet gynger når jeg hopper opp og ned?" Tidlegare hadde han sluppe fastbrende sitat som "Har gjort det en gang før, men aldri igjen. Kjennes jo som om en skal dø vet du."


Dette biletet og neste e Hanne sine, men ej fekk avleda ho og stjelt dei.

Stemninga var, som før fortalt, i beste fall nervøs. Bortsett frå "Det er lettere andre gangen"-Anders vil eg seie at gutane ikkje var av dei mest tøffe i trynet der oppe. Når eg gjekk opp var eg ca midt i køa, men vart fort utmanøvrert bakover av andre nervøse. Eit forslag om stein-saks-papir om rekkefølgje vart motteke med nervøse nikk utan at nokon slapp taket i sin posisjon, og rekkverket. Eg forblei difor siste stut ut, og med kun jenter bak meg var dette siste spiker i point of return-kista. Vi hadde operert med iallefall 6-7 versjona av denne fristen, heretter kalla PONT, heile denne dagen. Alt ifrå ein enkel PONT når vi sette oss i strekkhoppbilen ved hotellet, via absolute PONT når vi betalte 65 dollar i skranken for hoppet og til no denne situasjonen eg var i no. Eg vil kalle den beyond all possible honour PONT.

I ettertid fekk vi alle ei personleg julehelsing ifrå ein lærar, og på min stod det m.a. at "Det var moro å se den store mannen skjelve oppe i tårnet".

Ifrå det var min tur og til eg var vel på veg ned til vatnoverflata var det verste over, det var ventinga som var den store spenninga. Eg kom diverre ikkje heilt nedi vatnet som eit stup, og dette resulterte i ein del småbanning ifrå det australske tårnmannskapet fekk eg fortalt i ettertid. Etter å ha sett 1000 hopp må vel dei få ha nokre mål å sikte etter dei òg.


Seinare den kvelden hadde vi ein betre middag og kåring av beste lokale antrekk. Vi kom vel til at alle var vinnarar og alt det der..det var iallefall ein feiande kjekk kveld. Dagen etter reiste vi tilbake til Kampala og vidare til Zanzibar. Dette vert nok nærare forklart i neste innlegg, og iallefall på Helge sin blogg.

1 kommentar:

Thor Haakon Bakke sa...

Henrik sin dress vinner klart. Overgår neste Brann sin gulldrakt fra 2007-sesongen.